lørdag 1. desember 2012

torsdag 29. november 2012

Adventstake

'

Årets adventstake er klar.
Eg er så klar for å ta den i bruk.
To dagar igjen no...


Kvit dekorstein i botnen, som eg har "lånt" på jobben.
(skal få dei att i januar...ler....)


Skål kjøpt på loppis til kr 5,-



Lys frå Tilbords på Husnes,
kjøpt av ho finaste!

Sølvtal frå Fredheim Blomster.


Vips der var den klar!
No er det bare å lade opp til den store pyntinga fredagskveld,
etter at ungane har lagt seg ;-)

I morgon skal eg ha ansvaret for standen til Fredheim Blomster på 
Besøk oss gjerne der.
Vi har laga dørkransar, dekorasjonar og har mykje anna fint med oss.




onsdag 28. november 2012

Ynskjeliste frå Hviit.no


 



Nettbutikken Hviit.no  har ei utfordring om å vise vår ynskjeliste til jul, frå butikken deira.
Kvar søndag i advent vert ei slik ynskjeliste trukke ut, og kan vinne ei gåve frå ynskjelista.

Så her er mi liste. Kan nesten ikkje begrense meg, he he.

( ikkje så god på kollage-redigering, men men....)

tirsdag 27. november 2012

Juletre?


Eit juletre er vel ikkje bare eit juletre.
Det er mange ulike fasongar og fargar etterkvart.
Dette vert eit ventetre,
men er det ikkje fint??


Passar så godt inn hos meg.
(og vi har eit par stykker igjen på blomabutikken til halv pris!)


I ettermiddag har vi laga fuglamat.
For dersom det vert skikkeleg kald og snørik vinter( sånn som vi har bestilt!),
så må fuglane og få mat.

Eg kjøpe ein pose med villfuglblanding og 
ein pakke med Flott 
(sånn til smoltbakst og frityr, ligg i kjølen ved Delfia-fettet i butikken!)


Ungane fylte avklypte kakeformer, mjølkekartongar og yogurtbeger med fuglablandinga.


Så tok vi ein hyssing godt nedi.
Til slutt helte eg over smelta "smolt" og rørte litt nedi for å blande det i.
("Smolten" skal feste fuglafrøo saman, sånn at vi kan henge dei opp!)

Ein kjekk familieaktivitet ein mørk ettermiddag.

Fin kveld til dåke alle!

søndag 25. november 2012

Kakemenn


I dag har eg eit lite interiørmessig innlegg. Eg smiler for meg sjølv,
for kva er vel meir kvardagsgleder enn nett dette her.
Meg og tullemor som baka kakemenn.
Ho sat i 1 heil time.
Ja, du leste rett.


Eg kjevla, ho trykte ut.


Storebror ville heller spela data....
men han trykte ut denne deigen her....
til slutt.


Ein super laurdag med baking.
No har vi nok kakemenn til jul,
to fulle boksar. Nam nam


Så då er vi igang med julebaksten.

Har bare ein 8 års dag i to omgangar som skal bakast til og...
Joda, eg likar det.

Dagen i dag blei ikkje slik eg hadde planlagt,
bare enda betre.
Gode naboar på besøk,
venner av ungane på besøk,
eg fekk støvsugd OG vaska golvet.

No er begge to i seng, og eg skal ligga apatisk i sofaen og sjå på tv!

God søndag til deg og!

lørdag 24. november 2012

Julerose


Litt pynt på trappa, i det nydelege været som 
var innimellom i dag.
Og no er det måneskin, kjempeflott.
Gå ut og nyt det.


Eg skal vise deg ein enkel måte og pynte opp ei julerose
(eller andre blomar både inne og ute)


Ta av plastpotta



Finn mose i skogen, då helst den som ligg på steinar.
Eller kjøp den i blomabutikken.



Surr mosen rundt potta på blomen


surr rundt vikletråd eller anna streng,
til mosen er godt festa eller du har fått dekoren du ynskjer.

Julerosa treng vatn. Då tar du heile blomen, med mose,
og vatnar den i vasken.

Såg du kva eg hadde brukt til potte på svibelen?
Ja, hermetikkboks!
Gjenbruk og dekorativt.

Nyt måneskinnet og laurdagskvelden!



Sånn på ein laurdagsmorgon


Før de hadde tenkt tanken på at de ville stå opp,
aller minst gå inn på nettet og sjå på bloggen min....
så skulle eg redigere den litt.


Å starte på eit slikt prosjekt når IT-ansvarleg er reist på jobb,
ja, det er eit risikoprosjekt.


Difor er det no ingen bilder i min layout,
håper de vil følgje meg vidare forda. LOL...
Håpar det er innlegga som er interessante for dykk!! 


Har leika meg litt med kamera og oppstillingar.
Det viser at eg har for lite å gjere på...
eller "må ha noko å gjere på heile tida...."


No skal vi gjere oss klare til kakemannbaking.



God laurdagsfrukost til dykk alle!