lørdag 14. april 2012

T og S


Kaffi i den nye koppen
Lørdagsmorgon
Pysj
Bolledeig på heving
Vennebesøk
Ikeaskap på plass og
orden i skuffene

- Eg har det godt nett no -




mandag 9. april 2012

Over for denne gang


Påskeferien er snart over. Vi har vore knallheldige med været, sol nesten kvar dag. Eg jobba til og med onsdag før påske, men kjenne likevel at eg har fått "landa", slappa av, lest boka ferdig, ete mykje mat, drukke vin, vore veldig sosial, gått tur og fått raude roser i kinna.
 I dag pøsregnar det.
Det er heilt greitt, for vi skal snart på innandørs fotballcup med junior. Kanskje middag på Peppes etterpå!

Denne herlege påskeharen har juniorlaga, og den var bare så sjarmerande.


Denne flotte ByNord puta fekk lov å vere med meg heim frå Ølen Møbler på påskeafta.
Lykke!

fredag 6. april 2012

Den lengste dagen


Langfredag skal vere den lengste dagen i året, iallefall i namnet.
Vi har nytta dagen på tur i dag. Kaldt, men likevel så flott med sol.
Alle 4 har raude kinn og er godt trøytte i dag.


Calla  liljer er ein av dei flottaste blomane eg veit. Den er enkel, stilrein og vakker.
Passar godt inn i interiøret. 

5 for 105kr på Fredheim Blomster i Rosendal på onsdag.
Dei har sikker fleir igjen i morgon!


I måro fyke eg og ho som elskar hjerter...

til Ølen Møbler.

Pengane er på kortet og her skal det shoppast....håpe eg iallefall.
m

torsdag 5. april 2012

Hell og lykke


Ein kan sei kva ein vil om å delta i give aways eller andre konkurranser på facebook og liknande, 
men eg e med på mange slike.
Og tru meg, plutseleg så er hellet der og eg vinner.
I følge nokre gode veninner, så vinn eg visst ganske ofte....men dei skulle bare visst kor mykje eg deltar på. *ler for meg sjølv*

Så på mandag fekk eg ein sms frå gamlenaboen som gratulerte meg med å vinne Biotherm gavesett frå Parfymelle Husnes.  (alt eg trengte gjere var å "like" og "dele" på facebook, og vips....)


Guro på Parfymelle forklarte kva det var eg vant, så kremmane er testa ut. Det du ser fremst her, er eit serum som skal på, under nattkremen. 

Førebels er eg svært nøgd, huden har fått "gløden tilbake". Stor sjangse for at dette serumet havnar i handlekorga på taxfree èn om 14 dagar!!



onsdag 4. april 2012

Påskemåltidet


Vi dillar og dallar, kokar og pyntar. 
Vi har invitert gode hjelparar til middag i kveld.
Lammalår på menyen, med fløtegratinerte poteter, sesongens grønsaker og saus. 


Vinen vart anbefala på Vinmonopolet, så då stolar eg på Kari!

Til dessert vert det servert sjokoladefondant med is og jordbær.

Nam nam alltså. Eg gler meg!

lørdag 31. mars 2012

Litt fleir enn eg trudde


Eg har brukt eit gratis teljesystem som heitter Sunset eitelleranna på bloggen. Har no eigentleg vore litt "skuffa" over at eg ikkje har hatt fleire sidevisningar enn den har vist, sidan så mange gjer meg tibakemelding på at dei les bloggen min fast.

40 000 besøk er ikkje lite, for all del. Men då eg lasta ned siste versjon av Blogger, gjekk eg innpå statistikk..... den viste 70 000 besøk! 30 000 fleir det. 

Så eg avslutta den på 40 000, som då ikkje har funka slik den skal (ja, eg kan ha gjort noko med innstillingane der, eventuelt kva den skal telje etc....)

Eg velger difor å bruke blogger sin frå no av. 

Syttitusen faktisk. Eg er stolt, takka vere dåke lesarane mine!! 

Takk alle saman for at de les og forhåpentlegvis likar bloggen min!



fredag 30. mars 2012

Påske


Så er den her.
Vår-ferien kunne den vel egentleg heitte. Vi har haustferie, vinterferie og sommarferie, kvifor ikkje vårferie? 


Sida eg hadde ein lang og god juleferie, mens dei andre på jobben måtte slite og jobbe,
er det vel på sin plass at eg tar litt ansvar no.
Og det er heilt greitt.


Sist helg var vi samla ein stor gjeng med mødre og born inne på småbruket "vårt". Småbrukaren serverte nydeleg betasuppe, og sola skinte frå ein skyfri himmel....er det ikkje alltid sol der inne?


Vi malte på egg, innvia trampoline-sesongen og spelte badmington.
Kven som var ivrigast på malinga skal eg ikkje komma innpå her, men det blei blåst utav mange egg, ja.


Imorgon ventar vi pappen heim med ny bil til meg. For alle nye bilar i huset er vel til meg?
Vel vel, tida vil vise :-)

God fredag til alle flotte lesarar!