torsdag 5. april 2012

Hell og lykke


Ein kan sei kva ein vil om å delta i give aways eller andre konkurranser på facebook og liknande, 
men eg e med på mange slike.
Og tru meg, plutseleg så er hellet der og eg vinner.
I følge nokre gode veninner, så vinn eg visst ganske ofte....men dei skulle bare visst kor mykje eg deltar på. *ler for meg sjølv*

Så på mandag fekk eg ein sms frå gamlenaboen som gratulerte meg med å vinne Biotherm gavesett frå Parfymelle Husnes.  (alt eg trengte gjere var å "like" og "dele" på facebook, og vips....)


Guro på Parfymelle forklarte kva det var eg vant, så kremmane er testa ut. Det du ser fremst her, er eit serum som skal på, under nattkremen. 

Førebels er eg svært nøgd, huden har fått "gløden tilbake". Stor sjangse for at dette serumet havnar i handlekorga på taxfree èn om 14 dagar!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar