Velkommen til oss kjære Omaggio-bolle.
Du er hjarteleg velkommen!
Finaste bollen/skåla i heile huset, nett no.
Med fargesterke appelsiner frå Cevita,
kjenner eg på VÅRFØLELSEN!
Sola skin, snøen er vekke.
Ser at eg må plante litt snøklokke og krokus løkar til hausten,
det er eit så vakkert vårteikn.
Omaggioén er kjøpt på Ting i Bergen.
Eg fekk gåvekort der til jul, og no byrja det å "brenne i lomma".
Kjekt å handle, utan at det kostar noko!!
Eg og junior var på bytur i går.
Sofa og bord er bestilt -> OH LYKKE!
Bolia er ein fantastisk møbel og interiørbutikk,
som eg ikkje har vore innom før. Når eg kom inn og såg "sofaen min" var det bare: JA.
Samme med stoffet eg hadde valgt ut og bordet eg ønska meg.
Sofa og bord i farge Antracit. Passa perfekt saman.
Ta deg ein tur innom neste gang du er i Bergen eller andre stadar, eller kikk innom
her.
Dette var ikkje siste gangen eg var innom der.
Litt meir snop i byposen vart det og, *smileblunkefjes*
Junior vart sjuk medan vi var i Bergen, feber og mykje vondt i kroppen.
Det vart ein lang tur heim.....stakkar liten.
Koseturen vi hadde gledd oss til, vart ikkje heilt slik.
Vi skal gjere det på nytt.