Sist veke kåra Fargerike årets farge:
LILLA
Flott farge, spørsmålet mitt vart; er eg trendy?
Føl eg det som er inn?
Kikka meg litt rundt i huset.
Nydlege rosa-lilla roser eg kjøpte meg på fredag.
Ja, like etter jul skifta eg ut det raude tilbehøret på badet oppe,
til nettopp denne trendy fargen.
Kikka bort i sofaen, og der låg strikketøyet mitt.
Eg kjøpte garnet i romjula og skulle liksom strikka så mykje på nyttårshytteturen vår.
Det vart ikkje slik, men eg godt i gang med Lilla tovatøfler.
Ein lilla Mano-kopp frå Kâhler har eg og invistert i.
Kjøpt på "ReSignert-sjappo"til skjønne Signe Schineller for bare 70 kr.
(Den sjappo kan eg anbefala. Ligg i kjellaren på Guddalshuset i Rosendal, og har ope både titt og ofte)
Eg trur eg må sei at ja, eg er trendy.
Toppar det heile med eit bilde av den ja....
LILLA lyslenko mi!
God søndag til dåke alle, og velkommen til ny følgar;
du er hjarteleg velkommen!