onsdag 16. januar 2013

Tilbake?


Nytt innlegg på nedlagt blogg,
kva skjer?


Eg saknar bloggen, og mange har fortalt meg at dei saknar blogginnlegga mine.
Det har vore godt og, å ikkje tenke at "alt kan bloggast" og no må eg ta bilde "sånn at eg kan blogge om det". 
Litt rart når eg har blogga i 4 år, har over 120 000 treff på bloggen, 69 registrerte følgarar og enda fleire som les bloggen utan at eg veit heilt sikkert kven det er, men like viktige fordet.

Ein litt trøblete haust har det vore på mange måtar, og eg måtte "rydde litt opp" i hovudet. Det var då litt enkelt å ta vekk bloggen, som eg ikkje "fekk heilt te".
Ting byrjar å gå seg til, eg tar ein dag av gangen.

Men eg har komme fram til at eg

har rett og slett for mange kvardagsgleder til ikkje å dele dei med dåke.


Bileta viser nokon av kvardagsgledene mine.
Som eg skreiv i sist innlegg fekk eg 3 slike Omaggio lysastakar til jul. 
Eg vart overlukkeleg då eg fekk dei.
(Evelyn; du kan bare gløyma da,du får dei ALDRI!)

Dei står så fint på "alteret mitt", som mannen beskriv det. 
(Einaste plassen eg kan stæsje, dille og dalle.
Ei enkel Expedite-hylle frå Ikea.)

Eg vil hente fram den gode "gamle" bloggintensjonen min, dei gode kvardagsgledene mine,
litt interiør, litt matlaging, litt GDS (Gjer det sjølv), litt aktivitetar, inspirasjon,
ja; det som gjer kvardagen så full av gleder.


Før jul fekk eg beskjed om at eg hadde fylt opp bloggen med bilder.
Eigentleg ikkje så rart, sidan eg har brukt speglreflekskamera og lagt inn bileta utan å komprimere dei.... Mannen sier dei er så store at dei kunne vore forstørra opp til plakat...
Tek nok litt plass då ja.

Men idag, då eg skulle bare nett prøva å legga inn bilete,
så virka da!!!!!!!!!!!!!

Bileta er no tekne med kompaktkamera med knust skjerm,
men funke betre enn best.

Så då er det vel bare å blogga igjen då?

11 kommentarer:

  1. Flotte bilder, lurt og velge litt mindre bilder ja...
    Kos om du vil blogge da!

    Ha en fin kveld.

    Klem

    SvarSlett
  2. Jaaaaa :-) Likar dette. Har savnet deg :-)

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt du e tilbake Solveig, gjere seg av og til med ein pause for å finna ut ka ein eigentlig vil...
    Like bloggen din eg!

    Helsing ei ikkje registrert lesar frå Seim ;o)

    SvarSlett
  4. Gøy Solveig! Ofte er det lett men ikkje så lurt å ta bort det som gjer oss påfyll. Kos deg med bloggen din, kjekt å følga deg. Pøne!

    SvarSlett
  5. Solveig !
    Så kjekt å "sjå" deg igjen :)
    Har sakna deg !
    Kjenner sjølv på at det til tider kan vera vanskelig å finna tid og krefter til alt. Og då er det lett å ta bort det som får færrast konsekvensar, som ein blogg.
    God du er tilbake :)
    Eg blei så glad når eg leste den kjekke kommentaren din idag <3
    Blogg når du føler for det og ta det som det kjem :)
    Stor klem / Janne

    SvarSlett
  6. Hei :o) titta innom siden din og ser du har hatt en pause og starta opp i dag :o) Så koselige bilder! Jeg legger meg til som følger av deg på din første dag tilbake på bloggen din igjen :o) klem fra Nina

    SvarSlett
  7. Doldol, eg digge at du e tilbake med bloggen din:)
    Har savna innleggo dine:)
    KULT Doldol:)

    SvarSlett
  8. No blei eg glad Solveig. Gleder meg til å følge med videre. Husk at bloggen skal først og fremst gi DEG gleder så kan vi andre kose oss og dele gleden med deg<3

    SvarSlett
  9. Hei! Ja den Granola oppskriften er veldig god:) Så fint hos deg. Kähler er en stor favoritt. Ha en fin dag! :)

    SvarSlett