Bente på Bokhandlaren har 1/2 pris på alt frå Pip Studio. Eg handla litt tidlegare i sommar, midt i den versta flyttingo...som om eg ikkje hadde nok å flytta på!?!
Denne bladkassetten hadde god plass til blad, eller kva vi vil ha oppi. På bildet har eg den nya boko mi, men i verkelegheita har eg brosjyrar og diverse inspirasjon til nya huset!
Fann plutselig ein tilgodelapp i bilen, som var att etter bryllaupet i 2009.
Eg kjøpte boka "Made by me" sybloggernes beste oppskrifter.
Når haustmørket kjem over meg, og sykafèen i gang att, så skal eg nok svinga symaskina att og.
Nett no har eg meir enn nok med å få alt på plass her, finna da vi trenge til ei kvar tid, og få puslespelet til å bli klart for dagane frametter. O hei kor det går.
Har du problem med å kommentera under her? Har høyrt rykte om da, og er veldi få som legg igjen ein kommentar hos meg. Men eg ser at da e mange innom. Hadde vore kjekt å veta kem og.