torsdag 9. september 2010

Draumen er vel...

Å ha så mykje pengar at eg kan handle på slike butikkar...


Men eg vel å halde meg til dei litt rimelegare butikkane, eg. Har betre samvittighet då.

Men eg er veldi gla i Mango og Zara. Og sidan dei er spanske, så følte eg at da va heilt "rett" å bruka pengane mine der...

Det vart nok shopping. Eg fekk med meg litt nytt heim. Men søndagen var butikkane stengt, og då passa det veldi fint å vere turist med strandliv!!

onsdag 8. september 2010

Barcelona 2

Her er damene klar for buss-sightseeing. Men turkise øyraproppar, solkrem på skuldrane og kamera klart, ja då var vi i gang! 

Her er eit av Barcelona-arkitekten Antoni Gaudí sine byggverk.

Ved La Sagrada Familia gjekk vi av bussen, for å studere den litt nøyare. Dette er Gaudi sitt livsverk. Denne kyrkja byrja dei å bygge på 1800 talet, og det held dei på med enda....og det som overraska oss mest, var at den ikkje er teken i bruk enda...det er den faktisk ikkje klar til.... Eit imponerande verk.

Her er 5 av 7 som var med på turen. Ein fantastisk veninnegjeng å reise på tur med!


Her er dag to på busstur. Då tok vi den raude ruta!! 


Her speler FC Barcelona sine heimekampar. Til neste år blir da kanskje tur her, saman med mannane???
Fantastisk by rett og slett.

Detta var litt skummelt...vi tok nemlig denne "glass-gondolen" ned til stranda. Fekk fantastisk utsikt, og rimelig med luft i håret. Vi hang nemlig bare i ein veier over byen.....For å ikkje tenka på kva vi faktisk gjorde, så snakka vi jamnt og trutt! Og ettermiddagen, kvelden og nesten natta vart tilbrakt på stranda. Fantastisk strand, varmt vatn i havet og god drikka i strandbaren!!

Og i bakgrunnen her, kan de sjå Fru Steffensen sin båt, som for tida er på oppgradering i Barcelona!

tirsdag 7. september 2010

Barcelona 1

Fredag den 3. september 2010 kjem til å bli ein dato eg seint vil gløyma. Det er nemlig dagen eg og 6 klubbveninner reiste til Barcelona for weekenden!

Vi hadde valgt (frivillig tvang?) to i komiteen, som planlagte og bestilte turen. Og på Flesland fekk vi utdelt kvar vår "goody-bag". Den inneheldt eit blad, reiseprogram, ei lita champangeflaska, ei lita baileys, sjokolade, pengebelte og ein liten pakke for "sikkerheten skuld"! Og som de ser, falt denne i smak hjå deltagarane.

Her har vi ankomme flyplassen i Barcelona, og varmen har slått i mot oss. Ca 30 grader og sol!

Og etter eit oppfriskande bad, ein svært sterk Mohjito, mykje "lått og løye", var jentene klare for å innta Barcelona by night! ( Eg har på meg kjolen eg hadde i bryllaup tidlegare i sommar, som eg kanskje har nemnt før...) Og høge hælar var eit must! ( men dei kom fort av igjen....)

Og Barcelona var ikkje trygg denne kvelden....       Forsetjelse kjem i morgon.....

onsdag 1. september 2010

Pakking pågår

På fredag reiser eg og 6 klubb-veninner til Barcelona!! Trur du eg gler meg??

I sommar kjøpte eg denne supre skobagen frå Lisbeth Dahl. Den er i plast materiale, og no har eg fått plass til 3 par sko i den. Trur det held med 3 par pluss dei eg skal reise i. Eller skal eg ta med eit par til? nei, eg kjøper heller eit eg då!!!

Og vinnaren er...


Med min kjære som vitne, og junior som seriøs trekkar...............


Og vinnaren er: RANDI.            Endo ein gong ein knallgod kollega. Har vinnarlukka desse kollegane mine!


Og vinnaren av handkle frå Marimekko vart: Monika med denne bloggen.

Gratulera til begge to. Håper den fell i smak!

tirsdag 31. august 2010

Overraskelse

Eg er veldi heldig, eg. For eg har så mange gode vener, som bryr seg om meg. 

Og no har eg vore på kurs i to dagar. Der reiser eg saman med gode kolleger. Vi har delteke på ei kursrekke i snart 2 år, med 3 samlingar i året. Kjekt å vere saman med kolleger, litt utanom kontoret, og der vi får ny og viktig kunnskap i faget vårt. 

Eg møter og ein tidlegare kollega, og veldig god veninne på desse kursa. Det er ei eg set veldi pris på. Ho er alltid der når eg treng ho, og ho veit eg er der for ho. Kontakten oss i mellom er alltid på plass, og eg er veldi gla i ho. Desverre sluker kvardagen oss, og vi "gløymer" litt å ta vare på kvarandre. Men då eg kom på fyrste kursdag ( litt seint inn dørene...) så var ho den fyrste eg møtte. Og etter ein varm klem, fekk eg ein pakke av ho... Eg blei så glad. 

Og endo meir glad og rørt vart eg då eg opna pakken. For ho hadde sydd ei vimpelrekke til meg! I mine fargar og mønster. Eg kjente ein klump i halsen, og klarte ikkje la vere å sjå på den.

Utruleg fin var den, og heilt meg. Den er kommen opp i stova. Og eg ser den frå her eg sit på kjøkkenet og bloggar!

Og i tillegg fekk eg denne dufteposen og fyrstikk-eske med kjempefine bilder. Eg er så glad, takknemlig og rørt. Eg er veldig glad i deg, mi kjære!!! Tusen takk for at du er du!

lørdag 28. august 2010

Ny seng!

Det som stod øverst på "to do" lista til pappen når han kom heim frå jobb, var å male ferdi senga til tullemor!! Og her er den, etter strøk nr 2.

Og før mamma fekk teke bilde av den nyoppredde senga,.....så var tullemor oppi! 


Sjølvsagt Kaptein Sabeltann sengkle!

Eldstemann ser på "Svein og Rotta", og ute haglar det!! Trur eg tar meg eit glas vin...

Ps: dagen i dag blei ikkje som andre dagar. Under lunsjen oppdaga eg plutseli at eg hadde mista ei tann....og han på snart 6 år var veldi fornærma for at eg mista tann og ikkje han....så i dag har eg sett ut som Karius og Baktus, og haldt med utav syne for folk! Så då var det å ta ringerunden til tannlegar i området. Eg fekk napp, og ny tann er på plass....midlertidig....og rekningen?? den har eg ikkje fått enda....Tanna var ei som eg måtte rotfylle i 13 års alderen, og tannlegen som hjalp meg i dag, var den samme som rotfylte. Ho sa det ikkje var overraskande at det skjedde, og det såg ut til at røttene kunne halde på ei ny tann....Og det var tanna ved sida av framtanna, så det seier seg sjølv at det hasta i dag...