tirsdag 31. august 2010

Overraskelse

Eg er veldi heldig, eg. For eg har så mange gode vener, som bryr seg om meg. 

Og no har eg vore på kurs i to dagar. Der reiser eg saman med gode kolleger. Vi har delteke på ei kursrekke i snart 2 år, med 3 samlingar i året. Kjekt å vere saman med kolleger, litt utanom kontoret, og der vi får ny og viktig kunnskap i faget vårt. 

Eg møter og ein tidlegare kollega, og veldig god veninne på desse kursa. Det er ei eg set veldi pris på. Ho er alltid der når eg treng ho, og ho veit eg er der for ho. Kontakten oss i mellom er alltid på plass, og eg er veldi gla i ho. Desverre sluker kvardagen oss, og vi "gløymer" litt å ta vare på kvarandre. Men då eg kom på fyrste kursdag ( litt seint inn dørene...) så var ho den fyrste eg møtte. Og etter ein varm klem, fekk eg ein pakke av ho... Eg blei så glad. 

Og endo meir glad og rørt vart eg då eg opna pakken. For ho hadde sydd ei vimpelrekke til meg! I mine fargar og mønster. Eg kjente ein klump i halsen, og klarte ikkje la vere å sjå på den.

Utruleg fin var den, og heilt meg. Den er kommen opp i stova. Og eg ser den frå her eg sit på kjøkkenet og bloggar!

Og i tillegg fekk eg denne dufteposen og fyrstikk-eske med kjempefine bilder. Eg er så glad, takknemlig og rørt. Eg er veldig glad i deg, mi kjære!!! Tusen takk for at du er du!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar