lørdag 28. august 2010

Ny seng!

Det som stod øverst på "to do" lista til pappen når han kom heim frå jobb, var å male ferdi senga til tullemor!! Og her er den, etter strøk nr 2.

Og før mamma fekk teke bilde av den nyoppredde senga,.....så var tullemor oppi! 


Sjølvsagt Kaptein Sabeltann sengkle!

Eldstemann ser på "Svein og Rotta", og ute haglar det!! Trur eg tar meg eit glas vin...

Ps: dagen i dag blei ikkje som andre dagar. Under lunsjen oppdaga eg plutseli at eg hadde mista ei tann....og han på snart 6 år var veldi fornærma for at eg mista tann og ikkje han....så i dag har eg sett ut som Karius og Baktus, og haldt med utav syne for folk! Så då var det å ta ringerunden til tannlegar i området. Eg fekk napp, og ny tann er på plass....midlertidig....og rekningen?? den har eg ikkje fått enda....Tanna var ei som eg måtte rotfylle i 13 års alderen, og tannlegen som hjalp meg i dag, var den samme som rotfylte. Ho sa det ikkje var overraskande at det skjedde, og det såg ut til at røttene kunne halde på ei ny tann....Og det var tanna ved sida av framtanna, så det seier seg sjølv at det hasta i dag...

torsdag 26. august 2010

Lettvint løysing


Når tida fyke, kvardagen er travel, middagen ikkje oppeten før kl 17, tullemor har sovna på sofaen, junior vil sjå på tv, og ho mor får 10 min aleine...

då e ein kopp frå Nescafe ein god erstatning frå andre kaffisortar!!

Heilt ok, og du får den til kr 10 på Spar for tida!

(Og til dei som lurer....støvlettane kom på fridagen, passa perfekt og er kjøpt hos HM!)

onsdag 25. august 2010

I bakemodus

I dag kjente eg på at eg var klar for litt baking etter gamalt..*ler*. Det høyres vel litt rart ut, når eg presenterer kakeoppskrifter på rekke og rad! Men ville ha litt nytt i matboksen rett og slett.

På Spar har dei med jamne mellomrom 10 kroners tilbud. Då har dei med ein pakke med 4-korn brød (den har og med gjær på toppen). Eg pleier kjøpe inn nokre sånne pakkar, og så baker eg rundstykker/baguettar/brød etc av dei. Så enkelt kan det gjerast. I dag hadde eg ingenting ekstra i heller.

Eg brukte to pakkar i dag. Då fekk eg 10 baguettar, to "suppe-brød" ( smale langbrød, som eg skjere opp i skiver, og som vi har ved sida av supper) og 12 rundstykker.

I morgon vil nista mi på jobb sjå sånn ca sånn ut!! Enkelt, sunt og godt!

No har eg eit par timar med tv forann med....med strikketøy, levande lys og noko godt i glaset! 

Ha ein fin onsdagskveld alle saman!

På vei...


Dette paret med støvlettar er på vei til meg no....forventa ankomst i dag!!! 

Eg bestilte då dei berre hadde brun og svart, men no har dei fått grå og. Og dei var veldig fine...Hm...men eg får sjå dei på. Blir sikkert heilt suuupert! Eg gler meg

I dag regnar det enormt. Men eg har vore til Aterstad rett etter levering i barnehagen. No skal eg ein tur til Rosendal og kjøpe meg nye Gore Tex sko!

lørdag 21. august 2010

Ka for eit hus skal vi bygga??

Alle desse husa er henta frå HIBA hus si nettside.

Eg vil ha mykje vindauge, høgt under taket, og mykje skapplass.

Men det er vanskeleg dette her. For det skal passe på tomta, ikkje vere for dyrt (eller har det noko å sei dersom det er draumehuset??) og praktisk med to born.

Eg er på vei til å droppe vinterhagen min med glastak...eg er litt usikker igjen. Og min kjære mann er på jobb i nordsjøen, og tenker og tenker og teikner og teikner....og vi snakkar mykje hus og løysingar, men vi kjem liksom ikkje heilt i mål....eg synst dette er vanskeleg. 

Og det er laurdagskveld med mine søte små som eg er så glad i. No ete dei seg mette på lørdagsgodteri framfor barne-tv....og grandisen får eg sikkert ha for meg sjølv i dag...Ha ein fin lørdag alle saman!

torsdag 19. august 2010

Ny veske!


Eg måtte bare....då eg fann denne på nettbutikken til annajohanna!!

Og det er jo to vesker i ei!! For eg kan bare vrenge den, så har eg nytt design. Den er presang til meg sjølv for pengar eg fekk til bursdagen!
Og i tillegg fekk eg denne vesle overraskelsen

og eg elskar jo slike uventa ting!!

Og sjølvsagt hadde eg den på jobb i dag!! I Love It!


onsdag 18. august 2010

Skulegut

Det var ein stolt gut, og ei stolt mamma, som gjekk til fyrste skuledag ved Omvikdalen Skule i dag!
Guten vakna kl 06.30, og lurte på om ikkje eg kunne ta på vekkerklokka, sånn at vi kunne stå opp! ( I går kveld var han svært oppteken av at vi måtte ha på vekkerklokka! Var vel livredd for at vi skulle forsove oss til ein sånn stor dag!)

Her er pulten hans. Framme ved vindauga. No er han klar til å gjere fyrste oppgåva: skrive namnet sitt og teikne noko frå ferien.

Han var strålande fornøyd då eg henta han ved skuleslutt. Han var nøgd med læraren og å få gå heim saman med kameraten og naboen sin.

Ein vellukka dag for alle.