Sjå nøye på desse glasa.
Synst du dei ser blanke og fine ut?
God kvalitet?
Da synst ikkje eg! Eg har samla på Rosendahl sin serie når det gjeld glas. Eg har vinglas, vannglas og "kaffe latte" glas, eg har dessert skåler og karaffel. Fordi eg likar designet og enkelheten i dei....Men no e eg skuffa.Alle dei 18 vannglasa er blitt "kvite" inni. Fyrst trudde eg det var pga av at vi hadde drukke melk og biola i dei. Så fekk eg tips om å skifta vaskemiddel, og eg så gjorde. Men blei det betre? Nei.
Så i dag tok eg dei med tilbake til der dei er kjøpt og viste dei glasa. Damo bak disken kunne fortelja at der var andre som og hadde klaga, og svaret frå produsenten var at det var brukt for høg temperatur eller for mykje vaskemiddel. Det var og komme skilt i butikken om at dei ikkje tålte meir enn 50-55 grader.
Javel, men kva kan eg gjere med dei eg har. INGENTING. Dei er no øydelagt. Ho kunne høyre om eg kunne få noko erstatning, men eg måtte ikkje ha høge forhåpningar.
Så eg vil med dette ikkje anbefale Rosendahl sine glas, dersom du vil bruke dei, vaske dei i oppvaskemaskin eller ikkje er heilt nøyaktig på målebegeret med vaskepulver.....Trudde dei der tablettane var riktig doserte frå før eg...