fredag 1. mars 2013

Eit bollete innlegg


Eg er veldig god på å bake bollar.
Ikkje bare er eg god på å bake dei, 
eg er veldig god på å ete dei og.

Sjå på den då... vatn i munnen.
Åt 4 stykke i går.


Perfekt heving.


Klare for steiking.


Lunkne bollar, med melis på og rulla i kokus.

Nammis


Eit gamalt bilde frå fastelaven og morsdag.

Nybaka bollar med heimalaga jordbærsyltetøy??

Bolleoppskrifta mi:

2 posar tørrgjær
1 ts salt
1,5 dl sukker
1 egg
150 gram smør
6 dl mjølk
Kveitemjøl til passeleg deig.

(Ja, eg veit Evelyn, eg bør ha eit eksakt mål her, men sånn ca 12 dl)

Bland alt det tørre.
I det siste har eg redusert til 1 pose tørrgjær, og heller lar den heve litt lenger.

Smelt smør og bland i mjølka.
La det bli ca 40 grader. 
Tørrgjæren tåler litt varmare enn 37,5.

Bland så væska ilag med det tørre,
helst i kjøkkenmaskin.
La den elte til passeleg deig.

Eit godt råd er å ikkje ha for mykje mjøl i deigen.

Hev i ca 1 time.
Bedre å heve litt for mykje enn for lite.
Eg pleie ta ein plastpose over bollen, då vert det tett og passe temperatur.

Rull så ut bollane.
Hev i 30 min.

Dersom du vil lage skulebollar, så pleier eg ta på vaniljekremen etter "etterhevinga".
Lag eit hull med to skeier, eller fingrane.
Ta ca ei skei vaniljekrem i kvar.

Pensle med egg, då vert dei så blanke og fine.

Steik midt i ovnen på 215 grader, alt etter kva ovn du har.
Eg har ny ovn og måtte skru ned til 200 på slutten.

Steik i ca 10 min.
Ikkje steik dei for lenge,
la dei vere gylne.

Et og nyt!

1 kommentar:

  1. Du altså! Desse såg bare heilt himmelske ut!! Også eg så liksom e på "slanker`n" dååå!!!
    Eg elska skulebollar! Men helst uten vaniljekremen då... :P Melisen e best veit du.. hihi...

    Ha ei knallfin helg!

    SvarSlett