torsdag 13. desember 2012

Lucia-dagen


13. desember er Lucia dagen.
Eg og tullemor kom akkuratt tidsnok til å få med oss 
skulekameratane sitt lucia-tog i barnehagen i dag.
Flinke og synge, fine i kvitt og med lys i handa.
Lussekattar fekk eg smake og. mmmmmm


Vi fann difor ut at vi ville bake vi og.
Så etter at mannen var henta heim etter 3 veker på jobb, starta vi opp.
Til kvelds vart det nysteikte lussekattar.


Hadde for lite safran i, så dei vart ikkje så gule som dei skal bli.
Men gode var dei.

Fridagen i dag har blitt brukt hos frisøren og på handling.
Eg er overraska over kor mykje salg dei har no før jul.
Kid har 50 % på nesten alle julevarer,
Catch har 50 % på alle barnekle,
Kappahl 30 % og så vidare.
Kjekt for oss som handlar er det jo,
særleg no når vi har brukt opp alle pengane på julegåver...
Vel vel, no skal eg sy pute, nr 15 i rekka!!!

Til deg som ville ha uglepute,
send ny melding på fjesboko,
den har ikkje komme fram.

Fin 13. desember vidare til alle!

4 kommentarer:

  1. Nam nam nam Doldol...
    Lussekattar er vedlig godt:)
    Eg hadde ein gjeng frå barnehagen på besøk på kontoret mitt idag, så herlige:). Og knallgode lussekattar..

    See you:)

    Klems Evy:)

    SvarSlett
  2. Hei. Anng. ugleputen:) Sendte en ny melding til deg,men du kan kontakte meg på hildekorneliussen@hotmail.com. Hils til din mor,hun er kusinen min;)

    SvarSlett
  3. Solveig, den bollen som ligge fremst på fatet der.... var ikkje den litt på kanten??????

    SvarSlett