søndag 2. desember 2012

Endeleg er vi igang!


Innlegget skulle ha komt i går, den 1. desember,
men dagen for i rakettfart.
(sjølv om den starta kl 05,50....)


No er endeleg desember her, og eg er i gang med pynting.
Her hos meg vil det vere mykje raudt i julepynten.
Eg synst raudt høyrer med i til jula, og i lag med sølv, kvitt og sjølvsagt natur.
Det vil og komme nissar inn i huset mitt.
MEN
då eg gjekk gjennom julapynten på fredag vart eg oppgitt...


Korti kjøpte eg eigentleg ny julapynt?
Kassane på loftet bar tydeleg preg av at det har vore lite fornying siste åra...
Tova nissar frå hausten 2004
Nissar eg har fått frå butikken, som er eit lite hakk og to i...
Diverse nissar der ingen er like, sånne som eg har fått i gåver oppgjennom..
Og eit hav av pynt ungane har laga. Dei skal få komme fram,
i lukka område....LOL...
Neida, eg skal setje det fram, sjølvsagt skal eg det, men eg skal samle det på ein plass.

Tips til kvar eg kan finna fin og ny julapynt mottas med takk!!


Sjå kor flott den vesle raude detaljen på ugle-bildet kjem fram no!!

Eg er svært nøgd med pyntinga eg har gjort til no,
brukt det eg har,
brukt mykje natur og lys,
'blomar og mose,
skåler og anna eg hadde i skåpet.
Det kjem meir bilder etterkvart,
treng bare litt betre lys.

Og tenk, det snør ute,
masse snø.
For ei lukka fyrste helga i desember.
Perfekt!!

2 kommentarer:

  1. deilig, masse snø... :) elsker det... :) ingen jul her endo... var liksom ikkje koselig uten familien... har hengt opp stjernene, men følte meg endo meir ensom då.... :/

    ha ein fin kveld... :)

    SvarSlett
  2. å fy fader Solveig, dorullnissar og kongleblånissar og 12 år gammal julapynt var det som møtte meg når og opna kassane i dag.... deprimerande. Har og komme fram til at dorullane må få ein eigen (avgrensa...!!) plass, 12 år gamle falma nissar skal få kvila i fred ,og raude lys får gjera pyntejobben inntil vidare ;)Men nye (digre!) stjerner e på plass i ståveglaso,hurra!

    Reidunn

    SvarSlett