mandag 25. april 2011

Så var det over for denne gang...


Så var påsken og ferien over for denne gang.

Eg har komme meg gjennom denne ferien og, utan dei alt for store "sprekkane". Med eit så deili vær som det har vore, med mykje aktivitetar ute, går alt så mykje lettare!

Mannen har sjølvsagt vore sterkt sakna, og bilda her er til han. (eg teller kroner som vi kan bruka i huset vårt, med tanke på alle dei helligdagane du jobbe, kjære!) Han har vore ute i to veker i måro, og vi må nok venta nokre dagar til før han kjem heim. Då er han heldig å komme heim til ei lita som har slutta med bleie!! Bare det er jo julafta og påske på ein gong.





"Ingen Kims ingen kos" seier reklamen, men denne gangen tok den heilt av. Junior fant den, eg tok bilde, tullemor beit av den, før vi fekk sukk for oss....Men ikkje sei det til junior, for eg sa at eg ved ein feiltagelse hadde kasta den...nok krangling frå før...

Ha ei fin veke alle saman! Eg skal på jobb i måro, og så har eg fri på onsdag. Deilig!

1 kommentar:

  1. Ha ei fin veke du og.
    Så ut som dåkke hadde hatt ein herlig påske
    klem:-)

    SvarSlett