søndag 13. februar 2011

Eg e verdens beste mamma!!


 Ja, for da står jo her.
 Fekk sova frampå i dag. Og kom ner til ferdig frukost, ro og harmoni i heimen. To deilige små i pysjamas, som klemte meg og sa at "du e best mamma!" Junior sa til faren at: " eg beklage at da ikkje blir så masse kos på deg i dag, for i dag må eg kosa mest med mamma..." For ein skjønning alltså!

Sjokoladen som var inni har vi delt alle 4 i dag!

Eg fekk denne boka og, men har fått lov å bytte den....eg ønska meg boka " Sjarmerande gjenbruk", og skal bytte i den. Dei hadde den ikkje inne no, og Bente anbefalte denne. Ei fantastisk bok, for all del. Men mønsteret er litt for avansert for meg. På stadiet eg er i livet, har eg ikkje tid til å sitje ned og strikke mønster!

Dagen har vore travel, men super. Eg skal alltid gjere så mykje i helgane...og i dag hadde vi familien på komla. Den lagar seg nesten sjølv, men bare nesten....

Vi har vore på tur til høgåsen, med bollar og saft. Ein tur som passar så godt for heile familien.

No har eg laga vekas ladning med knekkebrød, og kollegane mine kan gle seg til gulrotkaka til lunsj i måro!

2 kommentarer:

  1. Morsdagar er ikkje så verst allså! Kunne godt tenkt meg lunsj med deg i morgon, men får nøya meg med sy- kafè.....Tulla!!!

    Snakkast. marian

    SvarSlett
  2. ...og gulrotkaken var kjempegod :-)

    SvarSlett