lørdag 19. februar 2011

Lys i tunellen?


 Det har vore lite aktivitet her inne siste tida...beklagar det. Men det er travle tider. Når mannen kjeme heim frå jobb, skal "alt" skje. Eg må då gjera den jobben på ettermiddagstid, som eg ikkje får gjort når eg e aleina. Då skal eg vera hyper sosial og treningsaktiv, jobba inn litt avspasering, baka opp frysen med bakervarer og så vidare....Da seie seg vel sjølv at da ikkje går i lengden. Og når blodprøven viser at blodprosenten er i lavaste laget......ja, då må ho mor ta da litt rolegare!

På øverste bildet ser de ei gravemaskin. Eg viser ikkje bilde av ei gravemaskin fordi eg er så grådig interessert i gravemaskiner.....men fordi den står plassert der som vegen opp til tomta vår sluttar. Dette er eit syn vi har venta på sidan 4. januar 2011. Dette er eit lys i tunellen for arbeidet mot vårt nye hus!


Mannen vart inspirert til å brenna opp siste rest av rusk der borte, sånn at alt er klart for sprenging, graving og muring!


Storebror leier vetlasystero opp, og det måtte eg ta med. For til dagleg er dei som sysken flest...

I dag har vi hatt gode vener/slektningar på pizza fest!! Kan gjerast oftare da!

Kvelden blir tilbrakt i sofaen, men med avis og ikkje dårleg lørdagstv.

Ha ein fin lørdag alle saman!

1 kommentar:

  1. :-)

    Takk for pizza og koselig kveldsstund!! Va ei trøtte og fornødde jenta me la i kveld :-)

    Herlig bilde av ungane... En velsignelse med dei boddnå!!

    Kjekt å sjå/ høyra om framgangen i tomtå! *Tenk at det blir HEIMEN te slutt!!*

    SvarSlett