lørdag 13. november 2010

Stemning

 Walters sinkhus er brukt omtrent dagleg no denne tida. Eg ser at posen med t-lys minkar dramatisk!! Men det er vel meininga og. Bildet vart litt dårleg, men det er stemninga som er viktig!
 Kva kallast desse? Eg ser dei overalt for tida. Denne er laga sjølv: eit stykke stoff, ein tom dorull, litt blonder og perletråd til å feste på endane. Veldig dekorativt spør du meg.
I kveld har eg og ei veninne hatt byttedag....ho tok med seg tullemor på overnatting, og eg fekk hennas eldste. Han og min er kompisar, og no går det i lego og DS om kvarandre.

Eg har vore på loppemarked i dag. Eg fann ei hylle og nokre bøker. Og så fann eg ei bladkorg til veninna mi. Den var veldig fin faktisk. Trur den kjem til nytte der den skal vere. Eg såg og at dei har skrudd prisane litt opp på loppisen her og. Dei har nok skjønt at det er in og gå på loppis. Og det var sikkert 200 stk utanfor døra kvart på åpning. Mykje greier der inne, og sikkert mange som har gjort nokre gode kjøp!

6 kommentarer:

  1. Det vert kalla "knall" og skal festast på kransekaker!! For eg rekna med du har lagt inni ein lapp der det står ein dårleg vits,og ei altfor stor kongekruna i grønnt silkepapir som rivna med ein gong....!!!

    SvarSlett
  2. bongbongar kalla nåkken dei:) tenkte eg skulle lage slike til jul og pynte med!! Fiine!! Herlig stemning i stua di;)

    ha en fin lørdagskveld!!

    SvarSlett
  3. Koseleg stemning med lyshus og bongbongar☺
    Eg laga slike ilag med ei venninne igår kveld☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  4. Så koselig blogg du har! Fant deg hos RodIHob, åsså syns eg det e litt kjekt å mysa innom hos bloggara frå Kvinnherad sio det e der eg òg har røtene mine :)

    Eg trudde desse dorullane blei kalla ponpongar.. men kanskje det e med B..hehe.. Dekorative i alle fall ;)

    Helsing fra HusmorDronninga - Kjersti

    SvarSlett
  5. Hei og tusen takk for herleg kommentar hin dagen. den varma langt inn i hjarta :) Diger klem frå Linda

    SvarSlett
  6. Du altså :-)

    DEN husmorå!!!

    Kjempekoselig stemning i heimen din -nett som på "Stemning" for tiå. he du sitt dei nye vinduå?? Møje fint der ja.. *Rive litt i lommabokå*

    Sofakos her i heimen og. Trykkt i meg enn pose nypoppa popcorn.. NAM noge godt jah :-)

    Trur Greys'en i kveld blir knallbra!! Nyt ann du og :-)

    Forresten; Kult at Kjersti fant fram til deg via min blogg!!

    SvarSlett