torsdag 25. november 2010

Inspirasjon

 Eg abonnerer på den flotte juleboka som Bo Bedre kjem ut med kvart år. Dette er andre året eg får den. Håpar den fyrste eg fekk dukkar opp innimellom julapynten i år...
 Ein fin reportasje med ting ein kunne lage sjøl. Og kva passa vel betre enn at det var med mønsterark der det bare var å klyppe ut og lime saman sjølv?!?
 Så eg sette i gang, innimellom hostekulene. Og det blei riktig så fint.


Denne tavla laga eg sjølv for eit år tid sidan. Då eg berre hadde firkanta "hønsenetting" tilgjengeleg, så vart det den. Skulle gjerne hatt rund, då den er meir dekorativ. Men uansett....eg har no hengt den i stova, og skal ha ulik julepynt på den no frametter.

Eg er litt betre i formen no. Men i går fekk eg blemmer i munnen, og det gjorde ikkje saken betre. Håpar no at formen er på bedringens vei, for i morgon startar "Jul i Rosendal" som du kan lese om her. Og eg skal eigentleg på julebord med jobben...

1 kommentar:

  1. Kjempe søte. God bedring te dåke! Snart helg igjen:)

    Klem Frøydis

    SvarSlett