fredag 6. august 2010

Eg er på god vei!!

Eg trur eg er som damer generelt...ikkje heilt fornøyd med sånn eg er. Diverre er det slik, at det alltid er noko vi vil endre på. Hos meg er MAGEN det eg ikkje er nøgd med. Og ja, eg veit at eg har fødd to born og alt da der, men så har eg aldri vore så veldig nøgd med magen min, og har alltid villa endra på den....

Før eg fekk nr 2 meldte eg meg inn i. Eg gjekk ned 8 kg og nådde målet mitt akkuratt tidsnok til å finne ut at eg var gravid. 

Eg prøvte ikkje eingong i svangerskapet. Hugsar ikkje, men passerte vel 20 kg +  rekne eg med. Kiloane raste av etter fødsel, og året med amming, men eg kom aldri ned i det eg var før fødselen. Ikkje det at det var eit mål, heller ein draum...

Så slutta eg å amma, og då kom da på nokon "kosekilo". Og det var på grunn av kos, ikkje fordi eg kosa meg med dei...

Så i april kjende eg at eg ikkje var nøgd med situasjonen. Eg var ikkje overvektig i følge min BMI, men heilt på grensa. Eg bestemte meg for å gå ned 6 kg. Og det med  atter ein gong. 

Men denne gangen skulle det visa seg å vera vanskelegare. Er det alderen? Eller den hektiske kvardagen med to born, flytting etc som gjorde det vanskeleg? Eg er oppteken av at når slikt skal gjerast, skal det skje med trening og sunn mat. Og eg var veldig flink å trena, men klarte det vel ikkje heilt i høve maten.


Så etter å ha testa svigerinna mi sin, kjøpte eg rockering, i midten av juni! Og då fekk eg noko eg hadde sakna, ei ok treningsform å bedriva med framfor tv-en!!

Så no har eg klart - 4 kg, og heile 8 cm rundt livet!!! Så eg er så absolutt på vei. Eg er nøgd, og det trur eg viser på meg. Kle eg ikkje kom i tidleg i vår, får eg på meg no. Og eg har ingen problem med å ta på bikinien på stranda ( ikkje det at det er noko utfordring no, då temperaturen ikkje tillater bikini!). Og eg er såååå klar for Barcelona om 4 veker!!!

2 kommentarer:

  1. Konge!

    Eg må ha meg ein slik ring.

    Frøydis

    SvarSlett
  2. Så flink du e Solveig!! Du e god på å nå mål du set deg... Eg har noko å læra der :)
    Men ein sånn ring hadde sikkert ikkje vore så dumt!
    Randio

    SvarSlett