fredag 6. august 2010

Kjøkken

I dag vil eg vise bilder frå kjøkkenet mitt, og den nye tallerkenhylla mi!! Den er ikkje så ulik den eg hadde, men denne er det knaggar på! Etter at eg la inn på Finn Kvinnherad på Facebook, kom der svar frå ei hyggelig dame frå Omvikdalen som hadde ei eg kunne få!! Og med litt maling vart den slik eg ville ha den.


Eg endrar stadig på kva eg har i den. No er det interiørblad og nokre gamle fat eg har arva.


Og litt nye blomar må eg ha no når vi er meir inne enn ute...( i dag plaskar det ned). Og orkide er min favoritt. No har eg 3 "gamle" som kjem med nye skudd. Så eg reknar med at eg kan kose meg med orkidear ut over hausten.

I dag skal eg, mamma og mine søte små til Odda. Vi skal besøke oldebesto som er på sjukehuset, handle inn litt skulekle til junior og ete middag på Peppes! Vi gler oss!

2 kommentarer:

  1. *Lekkert* Tusen takk for koselig hilsen hos meg:)Nå skal jeg kos meg litt her inne:)

    Klem klem

    SvarSlett
  2. Ska sei :-)

    Fine hylla -lure veldig koss dåkke he fått det i nya huset :-)

    Lure og på om maten på PEPPES I ODDA smakte? For eg trudde nemlig at den var nerlagt??!!

    SvarSlett