lørdag 22. mai 2010

Solgt!!


Då var det avgjort! Vi har solgt huset vårt! Vi fekk ikkje takst, men er fornøyd med salget likevel!

Vi har vore heldige og fått leige eit hus i samme området som vi har kjøpt tomt. Eg fekk høyre at dei skulle leige ut tidlig, og ringte. Heldigvis, for dei har hatt mange på tråden etter meg...Så 1. juli overtar vi det. Då er det bare å pakke seg ut av dette huset og inn i det andre, reise på ferie til sørlandet, og heim og vaske oss ut av det gamle! 1. august overtar dei nye eigarane.

Nett no føle eg meg så heldig. Vi skal få opplever draumen om å bygge nytt hus. Vi har hatt da veldig fint her i huset vi bur no, og eg kjenne tårene kjem littegrande når eg tenker på at ungane sin barndomsheim jo er her. Men vi veit at vi kjem til å få det veldig bra der vi kjem til og!

Så i går var eg ute og feira, eit glas vin for meg, og eit glas for mannen som sit i nordsjøen på jobb!

Ha ein fin dag alle saman!

4 kommentarer:

  1. Gratulere☺☺
    Må vere godt å vite at huset er solgt..vert nok stress med flytting hit og dit, men til slutt er det verdt det☺

    God helg☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Litt vemodigt etter all jobbinga, men ska bli bli veldig kjekt med nytt.

    Håpa vinen va go og att du spare litt te eg kjem heim :) ( Casillero Del Diablo vil smake bra)

    SvarSlett
  3. Flott!!

    Men forstår jo at de e litt vemodig og :-)

    Går det på fram med bygginga? Korti ca blir det nye klart?? (Altså nye nye huset?)

    SvarSlett