søndag 16. mai 2010

Hipp hipp hurra!

I morgon er den store dagen kommen. Dagen då vi kan eta så mange is vi bare vil! Og på toppen av da heila, har pappen min bursdag. Gratulera så mykje med dagen, kjære pappa!


Mens eg venta på at vaskemaskina med junior si Skogstad jakke ska bli ferdig, har eg dekka eit fint frukostbord til i morgon. Vi er jo aleine, då far i huset er på jobb. Men vi ska no kosa oss forda vi. Så i morgon blir det kvit duk og flagg på bordet. Reknar med det blir suksess.


Med dette vil eg ynskje alle ein riktig fin 17. mai. Håpar vi ikkje trenge Skogstad eller Bergans i morgon...Og rekorden til junior i fjor var 6 isar, rekner med han slår den i år!

1 kommentar:

  1. Koslig med 17.mai frukost før det brakar laus på skulen:)

    Klem F

    SvarSlett