onsdag 14. april 2010

Reklamasjon?

Sjå nøye på desse glasa.

Synst du dei ser blanke og fine ut?

God kvalitet?

Da synst ikkje eg! Eg har samla på Rosendahl sin serie når det gjeld glas. Eg har vinglas, vannglas og "kaffe latte" glas, eg har dessert skåler og karaffel. Fordi eg likar designet og enkelheten i dei....Men no e eg skuffa.

Alle dei 18 vannglasa er blitt "kvite" inni. Fyrst trudde eg det var pga av at vi hadde drukke melk og biola i dei. Så fekk eg tips om å skifta vaskemiddel, og eg så gjorde. Men blei det betre? Nei.

Så i dag tok eg dei med tilbake til der dei er kjøpt og viste dei glasa. Damo bak disken kunne fortelja at der var andre som og hadde klaga, og svaret frå produsenten var at det var brukt for høg temperatur eller for mykje vaskemiddel. Det var og komme skilt i butikken om at dei ikkje tålte meir enn 50-55 grader.

Javel, men kva kan eg gjere med dei eg har. INGENTING. Dei er no øydelagt. Ho kunne høyre om eg kunne få noko erstatning, men eg måtte ikkje ha høge forhåpningar.

Så eg vil med dette ikkje anbefale Rosendahl sine glas, dersom du vil bruke dei, vaske dei i oppvaskemaskin eller ikkje er heilt nøyaktig på målebegeret med vaskepulver.....Trudde dei der tablettane var riktig doserte frå før eg...

3 kommentarer:

  1. Isj då..eg samla på den serien og :S Ska jammmen prøve vere litt meir forsiktig med vasken frå no av..!! Kjempekjedli når det blir slik!!!
    Erstatning får du vel neppe-so enkelt e da vel ikkje!!

    Håpe du nyte finværet-til tross for irritasjon over glasa...☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Så pussig....søstra mi sine ser akkurat slik ut! Mine er fine-enda, men d kan jo friste å vere meir forsiktig ja....Forstår godt at du er kjempeskuffa. Tydeligvis eit problem det der då for Rosendal...trudde faktisk det va eit bra merke eg. Har også skåler i den serien...Så no vart eg skuffa eg også...

    SvarSlett
  3. Fy søren så kjedelig!

    "Heldigvis" så gikk eg for Hadeland sin glass-serie (Når eg ser desse må eg jo bare sei heldigvis) Dei e mykje brukte, fine og lika fine i glaset....!

    Men takk for tipset, like Rosendahl sin serie eg og, å har jo endel ting og tang... Væra meir forsiktige heretter....!

    SvarSlett