lørdag 6. mars 2010

Kamille Mor og barn

Sidan eg abonnerer på Kamille, får eg tilbud om å kjøpe Kamille Mor og barn til redusert pris. Eg har slått til dei tre gangene dette bladet er gitt ut. Eg likar det godt. Det passar meg veldi bra. Det er lite sånn "heilt nyfødd-stoff", men ei god blanding av mote for mor og barn, mat, interiør, og ikkje minst masse nyttige tips!
Kven treng ikkje litt oppfrisking i matpakkane? Litt tips om kva vi kan ha oppi matboksane til dei håpefulle, er alltid kjekt. For tre skjeve med svett kvitost kan vel ikkje bli meir spanande enn nettopp da da e??
Og eg som sakna litt aktivitetar hin dagen!! Her fekk eg nokre tips. Og særleg som denne tipsrekka var: tips for "feberfridagen"!
Og så detta som ein aldri kjem unna...dei blå ringane rundt augo etter våken-nettene...Thank you for concealer!!!!!!!!

No skal eg legga han på 5, som er pittelitt høg etter lørdagsgodteriet!

2 kommentarer:

  1. Enig med deg, et veldig greit blad å lese. Fortsatt fin helg til deg.

    SvarSlett
  2. Oj....visste ikkje at dei hadde Kamille Mor og Barn. Såg jo ut som der sto mykje interessant. Takk for tipset :)

    SvarSlett