onsdag 13. januar 2010

Kaffi og te

Det går ei oppfordring på bloggar no ( Var Malivasverden som starta den!) om å vise fram kaffi og te-boksar. Her er mine! Boksane er kanskje ikkje heilt "meg, men eg fekk dei av mamma for mange år sidan, og dei har fulgt meg heile tida. Eg har difor blitt glad i dei, og bruker dei dagleg!

Eg elskar både te og kaffi, og drikk det vekselsvis både heima og på jobb. Må ha kaffi kvar dag, sånn e da bare. Likar den svart, utan noko dikkedariar i. Men tar meg gjerne ein caffe latte i ny og ne! Og då høyre da vel sjølvsagt me, ein liten sjokoladebit....

Ha ein fin onsdagskveld! Eg har nytta fridagen godt, vaska hus, vore på lang skitur, hatt pannekaker til middag, hatt trimmen for gruppe 3-6 år, strøke masse kle, rydda i skap, baka knekkebrød, og blogga...slå den du!

1 kommentar:

  1. Hei!
    Koselig at du vil være med på give away hos meg! :)

    Ha en fin dag!
    Klem

    SvarSlett