fredag 18. september 2009

Mor sitt mareritt

Som mor til to små, er det ein ting som eg synst er eit mareritt, rett og slett. Da e når vi skal i sånt familieselskap, der da e forventa at alle skal sitja fint ved bordet og eta kaka.... Da går sjeldan bra for vår del... Og då eg e den einaste i familien som har klart å produsere barnebarn/oldeborn, ja så e da nok eg som føle på detta.

Og eit sånt selskap var vi i idag. Oldebesto hadde bursdag i går, og den skulle feirast idag. Ho hadde gjort alt ho kunne for at da sku bli eit kjekt selskap. Duk på bordet, da finaste servise, brus til ungane og vafler med 3 ulike syltetøy-valg... Så viste da seg at da va bare eg med to ungar og pappen min som kom. Andre var sjuke og kunne ikkje.... Eg e veldi gla for at vi kom, da blei oldebesto veldi gla for.
Og som vanleg i sånne selskap, så byrjar da bra. Ungane sit fint, og ete. Drikke fint av glaso sine, og mor slappar av. Så byrjar 1 åringen og gå opp og ned frå sofaen, skoen heng litt fast i duken, og bessen byrjar bli litt svett. Eldste på 4 år, har tatt på syletøy sjølv, og det tyte ut av vaflo, og drypper ned på golvteppet og duken. Mammo prøve å tørka opp, og hindre katastofe... Jada, så byrjar tullemor å drikke heilt sjølv frå glaset. Og då havna sjølvsagt colaen på kjolen. Ja, ja, bessen har på detta tidspunktet flytta prinsesso bort te ho mor.
No startar vandringa, ut på golvet, tilbake i sofaen, velta ein kopp (tom heldigvis!) og krangla litt, når mor seier dei må ete opp vafla dei har på tallerken, før dei kan ta ny. No byrjar sukkeret frå colaen å virke, og mine to håpefulle blir litt meir aktive av det. Så etter at mor har sagt at prinsen skal setje glaset frå seg og ikkje vandre rundt med det, 5 gonger, søler han det sjølvsagt ut på duken, golvet og over vaflefatet...
No har eg byrja snakke om å gå heim...og alt detta på 30 min. Så då var festen over, ut og lufte gulla litt, og inn i bilen. No ska vi heim. Og der var det over på under ein time... Puh, så var det ei stund til neste gang. Håpe snart nåken andre i familien og kan få nåken avkom, sånn at ikkje heile slekta meinar at eg har uoppdragne ungar, men at det er bare sånn ungar er!!

4 kommentarer:

  1. Den komme! :-)

    Ha ein god fredag!

    SvarSlett
  2. Det er jo bare slik det er, når ein har barn...

    To herlige små du har...
    God helg.

    SvarSlett
  3. he he..eg forstår fortvilelsen din, sio du e nå den einaste med håpefulle :) men lover det at de to du har er heilt normale...har nettopp jobba søndagsmiddag og dt e mykje løye og eg har lyst å fillerista opp til fleire gonger... (foreldra helst :) helsa prinsen og prinsessa... Klem ;)

    SvarSlett
  4. Hehehehe, flashback de lux her nå:-) Men kjære Solveig, det blir bare verre fremover. Snart sitter dine håpefulle i familieselskap, og forteller ivrig om ting som du og Terje helst vil ha for dere selv. Det hjelper ikke hvor stille du enn tror dere er, og hvor godt rommene er lydisolert. De håpefulle har ikke radar, men satelitter, og fanger opp ALT :-D

    SvarSlett