torsdag 31. januar 2013

Ny puta i knæsj farge!


Sjekk den flotta puto eg har fått meg!!



Passa perfekt inn i mellom det grå,kvite og svarte.



Puta har faktisk vore ei jakka,
som vi fann i huset til besto.
Mamma har nok vore den som har designa denne flotte kreasjonen.

Sidan det var knappar framme,
var det lett for meg å bare sy den rett over oppe og nede.
(NB Viktig med 2 saumar og sikksakk ytterst.
Litt kjedlig viss det raknar opp att!)



Kjipp kjapp flott pute, laga sjølv og alt!
Friskar opp i sofaen denne.

Takk for flotte kommentarar på sist innlegg.

Kjekt å leike seg litt med redigering av bileter.
Er mest nøgd med det øverste, blei så tøffe fargar!

God helg til alle!

No tar eg helg, vi skal til Vågslid i helga saman med kjekke vener!

Gler meg mykje!

onsdag 30. januar 2013

Evnen til å kose seg


Rosebukett frå ei god veninne på ein heilt vanleg kvardag.
Kaffi
Appelsin
Grove kjeks
Svart og kvitt

"No kosar ho seg"


Evnen til å kose seg, den har eg heldigvis inntakt.
Bileta tok eg på måndag, dagen eg hadde fri.
Dagen var sett av til husvask. 
Eg brukte 3 timar på jobben,
og var rimeleg fornøyd etterpå.

Vaskerommet var fylt med kle som skulle leggast saman,
men eg valgte heldigvis å setje meg ned i sofaen med kaffi og litt kos.




Blad som ikkje var utlesne låg klar i sofaen,
og dei vart lesne begge to.
Og godt var det, for i dag kom det nye.
Abonnere bare på 4 no, og det skal reduserast til 2.....
kanskje....

Skal eg fortelje deg noko du ikkje visste...


....det regnar i Dimmelsvik!!!

Ikkje bare litt,men mykje...

Woop woop no skal eg pakka,
for vi skal på tur!


mandag 28. januar 2013

God morgon!


Tulipanar høyrer årstida til.
Eg kjøper gjerne mix-bukett med fleire fargar i.


Tulipanar er like fine når dei står i knupp, som etter at dei spring ut.


Flotte "pusekattar" puntar opp buketten litt ekstra.

Buketten min skal få stå ein dag til.

No skal huset vaskast..... gler meg til det er over.

søndag 27. januar 2013

Gangen vår


Tusen takk for kjekke kommentarar på innlegget om kjøkkenskåpet.
Eg som trudde eg var heilt aleine i " denne verden", men vi er jo fleire.
No er eg glad!!

I dag vil eg vise eit av dei romma eg er mest fornøyd med i huset vårt:
nemleg gangen.


Eit skoskåp frå Ikea. Var eigentleg "eikefarga", men vart måla og skifta knottar på, for ei tid tilbake.


Turkise ku-bileter av Gunilla Holm,
eg diggar dei.


På veggen i trappa har vi betongtapet frå Storeys.
Den har vi fått mykje skryt for,
og det er faktisk ekte mannfolk som har måtta kjenne på den for å 
konstantere at det ikkje er ekte betong.

Stilig.


På veggen har eg dei kjente "Husreglane".
Eg valgte den engelske versjonen,
då eg likte den versjonen best.

Klarar vi å leve opp til desse reglane,
ja då er vi gode.

God søndag til alle!

lørdag 26. januar 2013

Realitetsblogging


Eg vil gjera oppmerksom om at detta innlegget ikkje er for pyser....


Tør du framleis vera med meg?


Her er tørrvareskåpet mitt.

Er det mulig, tenker du sikkert no.
Ventar ho på at da kan bli krig?
Trur ho butikkane er stengt for alltid?

Sorry,ingen av delane.

Det er bare sånn eg er.

"Kjekt å ha, kan jo få bruk for det ein vakker dag."

Skåpet mitt er til glede forandre og, som naboar som manglar melis, pizzafyll, ein boks mais...
Ja, kva det måtte vere.

Dessuten har da nett vore 10 kroners tilbud på Spar


Sånn, då såg da litt betre ut.
Har kasta da som var gått ut på dato, rydda og systematisert litt.
Normal?

Tvilsomt.


Eg bruker Noregsglas til oppbevaring.
Ser betre ut og er lettare å halde oversikten på kva eg har.


Sånn,då har vi system på suppe posane og!

God laurdags-ettermiddag til dåke alle!



fredag 25. januar 2013

Fyr i peisen


No har vi snart budd i huset vårt i eitt år. Tida fyke, og eg føle endo at vi nett har flytta inn.
Vi er framleis lika fornøyde med huset, og eg hugsar eg skreiv på facebook at:
"Da e nett som å vera på besøk hos nokon med DA dritfina huset!"

Sånn føles da faktisk endo.


Her om dagen var det litt kaldt i huset, sånn ca 22,5 grader. Eg følte at tida var inne for å fyra i ovnen vår for fyrste gang.

Det vart med dette.


Men fint var det.


Finaste tennbrikettboksskjular mamma har strikka til meg.
Passa perfekt utanpå eit 2 liters Noregsglas og.

Det skal vere sagt at vi har vannboren varme,og har eigentleg ikkje behov for å fyra i ovnen.

Det skal derimot ikkje seiast høgt at då eg skulle fyra i for eiga hand, fylte stovo med røyk, så no luktar det bål i stova....

Ny header.
Kva synst du?

onsdag 23. januar 2013

Vis meg din tv


NIB si utfordring i samarbeid med Ikea denne månaden er:

"Vis meg din tv"

Eg har valgt å hive meg med i siste sekund, og vise tv-en vår nett som den er,
og alle kan sjå at eg trenge å vinna denne utfordringa her!!

(Ein gamal kasse snudd oppned skjuler alle ledningane)


Tar og med kjøkken-tvén.
Den er kvit,
passar perfekt inn.
Nett som eg likar det.