lørdag 7. februar 2009

Utdrikkingslag

I går, på klubb, spurte Reidunn meg om eg kunne gjenta dansen frå hennar utdrikkingslag....( For dei som ikkje opplevde den, dei gjekk glipp av noko stort!!) Men eg svarte at den skulle eg spara til mitt utdrikkingslag.. Då sa ho med glimt i auga: " Trur du da blir nåke utdrikkingslag då?" Ja, da håpe eg virkeli at da blir. For med ein gjeng så supre veninner, som eg alltid har da så gøy me, vil eg gjerne bli drukken ut!!

onsdag 4. februar 2009

Gåvesjekk

Vi ynskjer oss pengar til bryllaupet. Eg veit ( diverre) at mange ikkje likar å gje pengar, men heller vil at det skal vere ein ting som vi har etterpå. Problemet er berre det at vi er passert 30, er godt etablerte og difor har det meste vi treng. Vi ynskjer oss heller større ting, som kostar meir enn det folk skal gi oss. Difor ynskjer vi oss pengar, slik at vi kan spare/ samle til desse tinga! Har fått eit tips frå ei nygift om å ynskje oss GÅVESJEKKAR (slike ein får i banken) som ikkje er låst til ein spesiell butikk eller kjede. Dette for at ein då er friare til å kjøpe noko ein ynskjer seg der ein sjølv vil!

mandag 2. februar 2009

Monogram

Anne Tone har fritidsproblem( he he he!!) og sitte og putlar på med monogram for oss. Eg e bare SÅ utruli gla for at ho gjere da, for eg kjeme meg jo aldri i gang... Så no blir da gong på da!

Speilrefleks kamera

Vi ynskjer oss speilrefleks kamera. Vi er anbefalt Canon EOS 450 d. Dette kamera kjem svært godt ut i test og. Det varierer i pris rundt omkring, men pengar eller gåvekort øyremerka dette, er høgt oppe på lista vår!

Samstundes skriv eg at vi og ynskjer oss fotokurs som vi kan lære oss å bruke kamera skikkeli!

onsdag 28. januar 2009

Brev frå presten

Brev frå presten idag! Fekk iallefall bekrefta at dato og klokkeslett e booka rett. LØRDAG 20. JUNI KL 15.00 skal det skje. Men jammen e da nåken skjema og greie som skal fyllast ut og. E kje bare bare å gifta seg...he he he... Men da e vel da minsta problemet. Kjenne endo vondt i magen med tanke på at kyrkjedørene ska opna seg og alle snu seg for å sjå på MEG, WÆÆÆÆ

mandag 26. januar 2009

Sjefs bryllaupsplanleggar

Oh my god. Da va ikkje meiningo.... Men bryllaupsplanleggaren min er sjølvsagt den beste av dei beste, nemmeligen HEIDI!!!!! Ho er ikkje gløymt på nokon måte. Kanskje ho skulle fått ein eigen plass, slik at ho kunne ha blogga på min blogg...He he he Men då var det nemnt og ikkje glemt!

torsdag 22. januar 2009

Sangar

Eg, bruro, har bestemt at vi ikkje skal ha HEIMEKOMPONERTE ALLSANGAR i bryllaupet vårt. Dersom nokon ynskjer å lage sang til oss, kan dei sjølvsagt få framføre denne. Eg har alt for dårleg erfaring med sangar til melodi ingen kjenner til, og tekst som berre den som har laga sangen veit korleis passar..... Så, då er det bestemt.