onsdag 4. februar 2009

Gåvesjekk

Vi ynskjer oss pengar til bryllaupet. Eg veit ( diverre) at mange ikkje likar å gje pengar, men heller vil at det skal vere ein ting som vi har etterpå. Problemet er berre det at vi er passert 30, er godt etablerte og difor har det meste vi treng. Vi ynskjer oss heller større ting, som kostar meir enn det folk skal gi oss. Difor ynskjer vi oss pengar, slik at vi kan spare/ samle til desse tinga! Har fått eit tips frå ei nygift om å ynskje oss GÅVESJEKKAR (slike ein får i banken) som ikkje er låst til ein spesiell butikk eller kjede. Dette for at ein då er friare til å kjøpe noko ein ynskjer seg der ein sjølv vil!

1 kommentar: