Kvart år, iallefall dei siste 5 åra, har eg invitert til "førjulskos".
Då er det ein fast gjeng unge damer som kjem,
alt etter om det passar, og at ein helde seg frisk...
Eitt år var vi 4-5 stykker, då gjekk det omgangsjuka....
I år var vi 10 stykke.
Pynten gjekk i svart og kvitt.
Dette var eit slikt DIY;
fest ord du lagar i Dymo-en, på eit stort kubbalys.
Dei heng godt på, og det vart utruleg stilig.
Denne gangen brukte eg ord eg forbinder med førjulskosen.
Lys, stjerner, sviblar, kokosbollar,
enkelt og stilig.
Bordkort-dymo-ord, festa rett på glaset.
*Bærre lækkert*
Ein ulltrå rundt servietten,
treng ikkje vere så mykje meir enn det.
Sånn såg prøvepyntingo ut.
( ja, eg prøvepynta... e da mulig??
Ja, eg ville jo så gjerne ha det sånn som Jorid med bloggen "Noe på hjertet"!
det kan du lese om her
Det vart ikkje sånn,
og bilda blir ikkje like fine.
Eg har innsett at eg må byrje å redigere bilda mine.
Så det skal eg byrje med.....
.....etter jul ein gong.....
Kvelden vart iallefall veldig bra.
Julabrød, gløgg, kokosbollar,
Quality Street, julebrus, bytting av julegåver og julekort,
nett sånne ting som høyre julekosen til.
Takk jenter, for ein kjekk kveld.
No skal eg skrive julebrev...
sova kan vi gjera i januar