søndag 19. august 2012

Hjerte


Helga er over, og i morgon byrjar skulen her.
8 veker ferie er over og IKD (Is kvar dag) går mot ein ende.
Ein fin sommar på mange måtar.
Hjerte-speilegg skal vi ha mange av frametter.

God veke alle saman!

lørdag 18. august 2012

Jentetur


I veka som var, reiste eg og to veninner på jentetur til Oslo.
Målet var konsert i Telenor Arena med denna flotta damo.

Vi hadde kjøpt Golden Cirkel billettar og trudde difor at detta skulle bli ein
 større konsertoppleving enn sist.

Desverre hadde omtrent alle andre og slike billettar, og det vart ikkje slik vi hadde håpa.
Men eg takka genene for at eg er 174 cm, slik at eg såg det meste som skjedde og eg 
såg Madonna skikkeleg.
Eg fekk ein betre konsertoppleving enn sist for 4 år sidan, med tanke på at 
det då regna, lynte og tordna og eg stod heilt bak på Valle Hovin.


Denna flotta damo fekk alle dei andre sjå og.
Med vin i glaset blir ho enda finare.


Mmmm, lunsj på Paradisio på Grûnerløkka, 
etter hot tips frå Malena ( Takk igjen :-)


Kosleg butikk som denna flotta damo likte seg godt i.


Til slutt enda dagen med oppladning med litt forfriskane Mohjito på Karl Johan.

Slike turar gjer meg vitamininnsprøyting for kvardagen ellers.

Takk jenter for ein flott tur!!

søndag 12. august 2012

Kontrastar


Denne helga har vi vore på hyttetur.
Det er store kontrastar til det vi til dagleg lev i.
Det gjer godt for kropp og sjel.
"Familien" frå 1970 gjer hytteopplevinga komplett.





Dagens høgdepunkt er når Gjøken kjem ut og seier koko, kvar halve og heile time faktisk.
(og når eg tenker etter, så seier den det sikkert endo, for eg glømte å stoppe den!)


Nyplukka blåbær, rørt med sukker og ha oppå pannekaker. 
Nam nam


Fisk fekk vi og. 
Ser du at sola skin??
For det gjorde den, heile dagen, kvelden og nesten til natta.
Skodde då vi vakna i dag, men då vi tok morgonbadet kl 08.00, 
var det litt sol innimellom skodda.
Ein flott tur, som skal gjentakast snart!

torsdag 9. august 2012

Stovo og


Viser dykk bilder av stovo vår og samstundes.


Da va så ryddigt og fint den dagen ;-)


Tusen takk for alle flotte kommentarane om innlegget i går.
Eg blir så glad når eg ser så mange er innom og kikkar.
Det er jo dåke som gjer at det er gøy å blogga.

onsdag 8. august 2012

Kjøkkenet vårt


I dag har eg hatt besøk av lokalavisa Kvinnheringen.
Huset vårt (og meg!!) kjem i avisa i slutten av månaden.
Spanande!


Huset var strigla, og eg fekk vise fram det er eg mest nøgd med.
Samstundes knipsa eg litt bilder etter at ho var gått, før familien kom heim og rota det til igjen.
he he, du skjønar kva eg meinar!!!


Friske blomar hadde eg kjøpt inn.


I kveld er det damekveld og klubb.
Eg gler meg til skravling og sosial samling med dei beste.

Spanande dag


Kremmerhuset er ein fantastisk butikk.
Eg kom ut med ein STOR pose derfrå på måndag,
og eg skal vise dykk meir frå handleturen seinare.

No skal eg nyte Ugle-lampa mi,
og gjere meg klar til ein spanande dag!

torsdag 2. august 2012

Isdronninga


Isdronninga skal bli meg.


Eg har nemlig handla utan pengar.
Ja, da går faktisk an.
Og da gjer ein endo betre følelse enn å handla med pengar.
På Flust.no har eg brukt av poengo mine.
Støvsugar til huset og ismaskin til meg og ungane.


No skal vi laga is til det tyt ut av øyro våre.

Isoppskrifter mottas med stor takk!

Det er snart fredda`n, men mannen sit på Shetland i tåka.
Heilt unødvendig nett no.
Men da e helg, og vi skal laga is!