mandag 9. juli 2012

Ferie med eit snev av shopping


No er vi heima igjen, etter ei veka i Billund, Danmark.
Vi har budd på Lalandia i Billund, rett over vegen til Legoland, 
som var det store målet for ferien.
Ein super stad å vere med to born som er aktive, 
og som det må "skje noko" med store deler av tida.



I tillegg er der shoppingmuligheter for ei mamma som likar å handle kle og interiør.
Dansk design er jo i verdensklassen spør du meg.


Likevel kom eg heim med svensk design. 
Triplets frå KG Design.


Denne butikken låg for seg sjølv, litt sånn i audemarka, men svært godt synleg frå vegen. 


Her kunne eg gått og kosa meg i timasvis.
Muuto, ByNord, Vipp, Arne Jacobsen, Louis Poulsen, Eames....
You name it!!!



Så til alle dåke mammaer som har prioritert borna når det gjeld ferie, og skal halde ut i Legoland:
Ta turen innom denne butikken! 
Det har du fortjent.

(Køyr litt forbi sentrum i Billund, mot Grindsted. Så ligg den der, umuleg å oversjå!!!)

Eg har meir på laget, men det kjem ein anna dag!!!


fredag 29. juni 2012

Sommarens marengs


Denne nydelege kaka må du bare prøve.

4 eggekviter piskast godt
2,5 dl sukker og
1/2 ts bakepulver blandast og piskast godt med marengsen.

2 ss melis og
1/2 ts nypressa sitronsaft blandast i.

Sprøt eller legg på bakepapir ( ca 24 cm).

Steik midt i ovnen på 125 grader i 1 time og 15 min, til den er gyllen.
Slå av varmen og la stå inni minst 1 time, eventuelt natta over med ovnsdøra på gløtt.

Fyll:
300 gram kremet naturell ost
3 dl cottage chees
1/2 dl sukker
1/2 dl bringebærsyltetøy

Bland dette godt og ha på kaka.

Pynt med masse god frukt og bær.

Må etast med ein gong! 

Nyt.

Og med dette vil eg ynskje dykk alle ein god sommar.




lørdag 23. juni 2012

Ekte kjærleik


Mannen min kom heim frå jobb på torsdag.
Han var i Bergen.
Og han gjekk på Ikea og kjøpte vitrineskap til meg.


Ikkje berre det, 
men han monterte det til meg og.


Det kallar eg ekte kjærleik


I tillegg til desse flotte rosene eg fekk på bryllaupsdagen vår. 
Han er bare best.

( Eg skal ikkje skriva så mykje om historen om rosene. Det viktigaste er ikkje kor tid eg fekk dei, men at han hadde bestilt dei og tenkt på det...allerede dagen før!!)

onsdag 20. juni 2012

3 år


På denne dagen for 3 år sidan,
vart eg ei lukkeleg Fru Hansen.

Tusen takk for at du helde ut med meg,
i gode og vonde dagar.

Du e best.

fredag 15. juni 2012

Litt rosa


Eg likar rosa.
Det viser igjen i interiøret og i kle/tilbehøret mitt.


Lommebok kjøpt på Mango i Paris


Blomane mine er rosa



Og favorittsokkane mine er rosa.

I kveld nyt eg at formen er mykje betre. 
Har vore sjuk i 3 dagar no, 
og kjenne at det skal bli godt å bli frisk igjen.
Influensa i juni er ikkje å anbefala.

Litt vin er vel bare medisin, eller?


torsdag 14. juni 2012

Enda eit stykke igjen


Ja, det er eit stykke igjen før vi er heilt i mål.
Men det skjer no noko....


eller rettare sagt, da skjedde no noko her for ei tid tilbake.


Da ser faktisk værre ut på bilda enn i verkelegheita. 
Har vel noko med at eg har sett meg blind på korleis det eigentleg ser ut.
Men det er no komt takstein på garasjen sidan sist iallefall.



No kryssar vi bare fingrane for at han med gravemaskina kjeme tilbake,
sånn at vi kan komma i gang med planting og såing.
Eller...det blir vel rull-ut-plen tenke eg. 
Må bare, ja, måååå bare få klyppa plenen i år og!!!



tirsdag 12. juni 2012

Overdrivelse?


Er dette å overdrive?



Litt kanskje?


Abonnement på 7 ulike blad.


Er vel på tide å avslutte nokon av dei.
Vakre Hjem og Interiør vann eg i ein konkurranse.
Boligdrøm likte eg så godt før, men no "gjer" den meg ikkje det samme.
Rom 123 likar eg, og det var jo eit sååå godt tilbud damo på telefonen hadde...
BoligPluss skal eg avslutte no, då rekningen nettopp dukka opp. ( betale ikkje fullt for nokon av dei, eg!)
Bo Bedre er eit av dei beste interiørblada, saman med
Studio.
Dei har liksom samme stilen som meg!!
Og Kamille er kosen anna kvar veke!!

Eg veit at fleire er i samme båt, så ship o`hoy!