tirsdag 24. april 2012

Bonbons


Det vart ikkje den store shoppinga i Paris, men litt småting blei med heim.


Servietthaldar med Bonbons på, var så sjarmerande at eg måtte bare ta den med.
Kjøpte ein ekstra pakke serviettar, sånn i tilfelle dei ikkje har denne størrelsen her.


I bakgrunnen viser tavla vår. Litt rotete og ikkje "bloggstæsja".
Vekesplan for middagen sist veke. 

Har brukt magnetmaling og tavlemaling, slik at vi kan henge opp ting på den.

Ser du kva som står nederst i hjerta??

Ha ein fin tysdag.

( Eg skal sjå fruene i kveld, sjølv om eg egentlig ikkje ser på dei. Men no e da jo snart slutt!!)

mandag 23. april 2012

I love Paris


I helga har vi vore i Paris, bare eg og mannen!!
Ei forsinka bryllaupsreise, og 40 års dags presang til den flotte mannen min.




Einaste severdigheten vi var inne på, var Louvre der vi såg Mona Lisa.
Alle dei andre har vi vore inne på før. Denne gangen skulle vi bare kosa oss med andre ting.



Hotellet var i det romantiske hjørnet.


Klar for Paris, med rett skotøy!!


Hæ, bestille i køen??


Starbucks er fantastisk!!


Egne makron-butikkar.


Moulin Rouge show kl 23.
Fantastisk show, med masse fargar, musikk, sang, nakne pupper (!) og humor. 
Kan anbefalast! 
( Men ta den forestillinga kl 21...eg duppa visst av eg...innmari trøytt, inkl champis....)


Håpe eg ein dag blir like flink til å lukeparkere som franskmenna....
Løye at alle bilane er bulka både bak og framme...

Ein fantastisk tur med mykje vin, alt for mykje mat og alt for lite shopping....
 Da sista va sjølvvalgt, men du veit; ei dama i sin beste alder kan aldri få nok shopping.
 Desverre er dei fleste butikkane stengt om søndagane...sjokk!
Fekk 30 min på Mango i dag, og då redda det heile turen ;-)

No er kvardagen tilbake, har lagt ungar ( som ikkje hadde hatt da kjekt hos besteforeldra, dei hadde hatt da KJEMPE KJEKT!!) vaskemaskina går og niste er smurt.

Men da e sånn vi lika da. Eit lite avbrekk frå kvardagen er nok til å lade opp batteria, og det er alttid best å komme heim igjen!

lørdag 14. april 2012

T og S


Kaffi i den nye koppen
Lørdagsmorgon
Pysj
Bolledeig på heving
Vennebesøk
Ikeaskap på plass og
orden i skuffene

- Eg har det godt nett no -




mandag 9. april 2012

Over for denne gang


Påskeferien er snart over. Vi har vore knallheldige med været, sol nesten kvar dag. Eg jobba til og med onsdag før påske, men kjenne likevel at eg har fått "landa", slappa av, lest boka ferdig, ete mykje mat, drukke vin, vore veldig sosial, gått tur og fått raude roser i kinna.
 I dag pøsregnar det.
Det er heilt greitt, for vi skal snart på innandørs fotballcup med junior. Kanskje middag på Peppes etterpå!

Denne herlege påskeharen har juniorlaga, og den var bare så sjarmerande.


Denne flotte ByNord puta fekk lov å vere med meg heim frå Ølen Møbler på påskeafta.
Lykke!

fredag 6. april 2012

Den lengste dagen


Langfredag skal vere den lengste dagen i året, iallefall i namnet.
Vi har nytta dagen på tur i dag. Kaldt, men likevel så flott med sol.
Alle 4 har raude kinn og er godt trøytte i dag.


Calla  liljer er ein av dei flottaste blomane eg veit. Den er enkel, stilrein og vakker.
Passar godt inn i interiøret. 

5 for 105kr på Fredheim Blomster i Rosendal på onsdag.
Dei har sikker fleir igjen i morgon!


I måro fyke eg og ho som elskar hjerter...

til Ølen Møbler.

Pengane er på kortet og her skal det shoppast....håpe eg iallefall.
m

torsdag 5. april 2012

Hell og lykke


Ein kan sei kva ein vil om å delta i give aways eller andre konkurranser på facebook og liknande, 
men eg e med på mange slike.
Og tru meg, plutseleg så er hellet der og eg vinner.
I følge nokre gode veninner, så vinn eg visst ganske ofte....men dei skulle bare visst kor mykje eg deltar på. *ler for meg sjølv*

Så på mandag fekk eg ein sms frå gamlenaboen som gratulerte meg med å vinne Biotherm gavesett frå Parfymelle Husnes.  (alt eg trengte gjere var å "like" og "dele" på facebook, og vips....)


Guro på Parfymelle forklarte kva det var eg vant, så kremmane er testa ut. Det du ser fremst her, er eit serum som skal på, under nattkremen. 

Førebels er eg svært nøgd, huden har fått "gløden tilbake". Stor sjangse for at dette serumet havnar i handlekorga på taxfree èn om 14 dagar!!



onsdag 4. april 2012

Påskemåltidet


Vi dillar og dallar, kokar og pyntar. 
Vi har invitert gode hjelparar til middag i kveld.
Lammalår på menyen, med fløtegratinerte poteter, sesongens grønsaker og saus. 


Vinen vart anbefala på Vinmonopolet, så då stolar eg på Kari!

Til dessert vert det servert sjokoladefondant med is og jordbær.

Nam nam alltså. Eg gler meg!