Stovo/kjøkken, soveromma og kjellarstova er ferdigmalt.
Gustuviansk Blå på eine veggen til tullemor sitt rom.
( Ho ynskte blått rom, og kompromiet vart ein vegg. Ho godtok mitt fargevalg, som var denne!)
Jotun dempet sort på junior sin vegg, Her kjem sjakkruta golv, som kjem til å bli veldig stili.
Grå vegg på våras rom, fargen Jotun Valmuefrø.
Kvit matt lakka Ask, ein stavs til stove og kjøkken. ( 3 stavs i kjellarstove og soverom)
Golvet kom i går, lever med gravemaskin sidan vegen ikkje er ferdig. Men grunnen til at der er gravemaskin, er faktisk at dei jobbar med saka!