torsdag 5. januar 2012

Lampen min






Mannen er komt heim. Lykke bare det. Men då han bad meg hente eine lampen min, så han kunne montere den...ja, då var det komplett lykke!

Den blir bare finare og finare. 

Og eg har to!

onsdag 4. januar 2012

Signe hjemme


Signe Shcineller har kjøpt seg hus i Rosendal. Ho har starta ei omfattande oppussing, som etter planen skal vere ferdig i februar.

Signe er kjent som interiørstylist og inspirator, og ho er jamnleg i God Morgon Noreg på Tv2, Sinnasnekkaren etc. Ho har hatt fleire føredrag på Rosendal Turisthotell, og inspirert mange av butikkane i Kvinnherad.

Du kan sjå den nye bloggen hennas "Signe hjemme" eller ReSignert

tirsdag 3. januar 2012

Fort gjort


Sio ikkje eg fekk den til jul, så kjøpte eg den sjølv. Lettvint med nettbutikk.


søndag 1. januar 2012

Godt det er ein ende på alt


pepperkakehuset er knust
julapynten er vekke
julablomane skal reise til Sim i morgon
pepperkakene er oppetne
pappen kjeme heim på onsdag
Så då er denne jula definitivt over



Ivrige når det skulle pyntast, og ivrige når det skulle knusast!


Pipo er den viktigaste, visstnok.

Det nye året er godt i gang. Dette året SKAL bli bedre enn den forrige. Alt skal ordne seg dette året. Vi skal flytte for siste gang. Ungane skal få plass til å leike igjen. Eg skal få ha symaskina framme til nye prosjekt med den. Elipsemaskina eg har kjøpt skal gå varm i år, og nye joggesko skal kjøpast inn igjen... (Julakiloane er på plass rundt magen, tradisjonen tru)

Men best av alt, er at eg og mannen skal på ein etterlengta kjærleikstur til Paris i april!

lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!!





God nytt år til alle lesarane mine!


Må bare vise "prinsesse for ein dag" bildet va tullemor på julafta.


Og Juniro som er råklar for pakkeåpning!

Godt nytt år til pappen i Brasil. Vi savne deg.

torsdag 29. desember 2011

Dianas draum


I dag vil eg gje dykk ei blogganbefaling. Det er til bloggen "My Dream", som min kjære nabo, Diana, har oppretta. Og når eg ser på alle innlegga ho har klart å lage på 2-3 dagar, så trur eg ho rett og slett er hekta!!

Diana og mannen, saman med 2 små skjønningar, kjøpte huset vi leigde i sommar. Så irritasjonen over å måtta flytta IGJEN, vart overskygga av at vi fekk kjekke naboar!

Dei har totalt-endra huset, omtrent før vi var ute ( eller da va vi ikkje, for halve garasjen var fult i rotet vårt) hadde dei mala stova, lagt nytt golv, skifta lister...ja, you name it.. Huset er kjempeflott, og Diana er kreativ til tusen. Ta ein kikk på bloggen hennas, så får du mykje inspirasjon:

tirsdag 27. desember 2011

Lykke


Eg var så heldig og vinne husnummerskilt frå Ramsign hos Kjersti med bloggen Husmordronninga like før jul.

No har eg sendt bestillinga på eit slikt som dette, med nr 32 på!


Vi satsar på at vi kan flytte inn her i vinterferien. Håpar bare at *grmfgrrr* entrepenørane har fått ferdig veien til huset, og fylt inntil, sånn at det går an å bu der. At ting skal ta så lang tid....


No er trappa inne bestilt, dørane inne er på plass og ytterdørane er på vei. Fargar og belegg er bestemt, malarane er i gang. Kjøkkenet skal hentast 20. januar. Ho ho ho. 

Og trur du ikkje nissen kom med 2 slike til meg i år:


Originale PH 5 lampar kjøpt på www.lauritz.com