torsdag 5. mai 2011

Onmii ein høg gong



Dette innlegget er inspirert av mi gode veninne, som lever "det gode liv på landet!"


Ein periode hadde eg øyradobbane på badet. Det var ikkje lurt...


Så såg eg at nokon hadde brukt eit slikt oppheng til dobbar og smykker. Så lurt! Eg gjekk heim og fann fram mi sånn, som no bare stod "i veien". No står den oppå skoskapet i gangen, og eg finn lettare fram til dei eg treng.


Denna jento her finne sjeldan opp kruttet sjølv, ho vert inspirert av andre, og det andre finn på. Eg er ein sånn som "hive meg med". Det er ein av grunnane til at eg no abonnere på 4 interiør blad. Eg treng jo inspirasjon til korleis ialle dagar eg skal innrede huset mitt....

onsdag 4. mai 2011

Grillsesong


Når det er vår i lufta, sola skin og det er iallefall litt varmt...ja, då grillar vi!

Vi har funne oss ein lun krok med ettermiddagsol, og der riggar vi oss til med monstergrillen og god mat! 


Masse salat no om sommaren. Kunne vore flinkare med å variere innhaldet, men ofte er det enklaste best.


mmmmmmmmmmm "mannmellom" seier tullemor og et skåla tom, før middagen er servert....sjølvsagt!


Onsdag er fridagen min. Då sit eg omtrent ikkje nerpå, bare svive rundt med støvfilla eller støvsugar. No for tida surrar eg og rundt med pappesker, papir, osv Eg skal nemmelig pakka ned igjen. Ja, det er sånn ca eit år sidan sist. Det nærmar seg at fotografen skal ta bilder til prospektet, og eg vil ikkje at våre personlege ting skal komme på prospektet til han vi leiger av. 

Eg har avgjort at eg skal pakke ned ALT som vi ikkje treng før vi er i det nye huset, og det er faktisk ganske mykje. Så finservise og stettaglas blir det lite av det neste halve året, samma med masse lysestakar og pynteting. Bøker og anna kan eg nesten ikkje hugse at eg har...eller har eg? heiv eg dei sist? 


mandag 2. mai 2011

No er vi i gang


" One step for me...."

No er vi i gang alltså. Sist veke vart den fyrste "ringmuren" sett opp. 


Mykje mur....


Gode arbeidsfolk er viktig.


At sola skinte i fleire dagar, hjalp godt på sementen inni. I morgon kjem røyrleggar og skal plassera røyra, så skal det fyllast opp med masser, støype golv, legge på vannboren varme etc. Så skal veggane opp, enda meir sement. Og så gå det slag i slag.

Eg går og lure og fundere på om eg klare å putta eit kurs innimellom alt detta. Men eg treng barnevakt i fleire dagar...mannen skal på jobb....og vi skal til syden dagen etter kurset...det kan gå?? Eg må tenke litt meir...

fredag 29. april 2011

"Once in a lifetime"


Eg fekk lov å lage "musefletter" på tullemor i dag. 


Dei varte i 10 minutt.


Men ho lova at vi skulle lage nye etter barnehagen.


Nydelege tullemor. 

No skal eg ein tur på jobb. Junior fekk vannkoppar på tysdag, og eg har vore heime sidan. Heldigvis er han "frisk" og no er koppane nesten vekke. Satse på han er klar for skulen på måndag!

No er han og støype grunnmur, mens eg skal ha eit møte på jobb!

torsdag 28. april 2011

"Sjarmerende uterom"


Mannen min, som egentlig skulle vere på jobb til lørdag/søndag, kom plutseleg heim i går. Dette til stor glede for små og store!

Men seg i bagasjen hadde han "byblom" til meg. Den nydelege boka "Sjarmerande uterom" av Ellen Dyrop.

Eg har boka "Sjarmerande Gjenbruk", og ynskjer meg no sjølvsagt "Sjarmerande jul". Godt eg snart har bursdag. ( Ja, for juni er her plutseleg!!) 


Ellen Dyrop har tema med gjenbruk heile vegen. Og det er øverraskande å sjå alt vi faktisk kan bruka til noko anna....har du tenkt på da? Kvifor skal Noregsglaset berre vere til hermetiserte pærer? Eller kakefatet berre til å ha kaker på? Og for å ikkje gløyma alt du kan sy om av gamle kle. 


Skulle vi ikkje hatt ein liten dam i hagen vår?


Mmmmm jordbær og sjampanje. 
(det er her dei kvite sommarkjolane våre kjem inn, jenter!!)


Trur eg skal sy ei pute i dag, eg. Mykje god inspirasjon her, ja. Saman med dette nydelege vårvèret, er det berre å nyta. 

Kanskje grillen kjem fram i dag?

mandag 25. april 2011

Så var det over for denne gang...


Så var påsken og ferien over for denne gang.

Eg har komme meg gjennom denne ferien og, utan dei alt for store "sprekkane". Med eit så deili vær som det har vore, med mykje aktivitetar ute, går alt så mykje lettare!

Mannen har sjølvsagt vore sterkt sakna, og bilda her er til han. (eg teller kroner som vi kan bruka i huset vårt, med tanke på alle dei helligdagane du jobbe, kjære!) Han har vore ute i to veker i måro, og vi må nok venta nokre dagar til før han kjem heim. Då er han heldig å komme heim til ei lita som har slutta med bleie!! Bare det er jo julafta og påske på ein gong.





"Ingen Kims ingen kos" seier reklamen, men denne gangen tok den heilt av. Junior fant den, eg tok bilde, tullemor beit av den, før vi fekk sukk for oss....Men ikkje sei det til junior, for eg sa at eg ved ein feiltagelse hadde kasta den...nok krangling frå før...

Ha ei fin veke alle saman! Eg skal på jobb i måro, og så har eg fri på onsdag. Deilig!

søndag 24. april 2011

Arne og Carlos påskekuler


For ei tid tilbake leste eg i eit blad at Arne og Carlos hadde laga påskekuler, men eg kunne søren meg ikkje huske kva blad!!!!

I dag var eg på besøk hos tante Marit, og der var det. Påske-Allers var bladet!!


Eg har så sansen for desse kulene. Så neste år, blir det pynta med sånne. Må bare strikka dei fyrst.....eller mamma må strikka dei!


Utruleg stilig.

No sit eg med beina rett ut. Skal ta årets "Baby foot" og bli klar for sandal-sesongen. Har sett meg i sofaen med blad, pc, appelsin og fjernkontrollen. Bare 40 min igjen no!!!