torsdag 5. august 2010

Sånn er det no

Dei nye stripete putene mine måtte diverre flytta ut...eg klarte ikkje blir komfortabel med dei inne i stova mi. Men eg synst dei var veldig kule, og klarar difor ikkje "kvitte" meg med dei. Så føreløbi har eg dei ute i hagamøblane mine. Og der passa dei perfekt!!! Så da va eit veldig godt kjøp!

Som dei fleste har fått med seg, så leiger vi no eit hus, mens vi skal bygge nytt. Eg SKAL PRØVE å spare litt pengar, for å kunne kjøpe meg nye møblar når vi er feri
dige med det nye. Eg er svært nøgd med Ektorp sofaen min frå Ikea. Då eg kjøpte 2 setaren, fekk eg med eit kvitt trekk gratis!! Det ligg framleis i plasten sin...Men eg kjenner eit sterkt behov for å kjøpe eit til 3 setaren og, og ta da på no. Eg likar ikkje denne beige...Men eg skal prøve å halde ut. For i det nye huset skal eg kjøpe ein ny 3 setar ( denne er utsleten!) og ha kvitt trekk på begge. Eg skal og ha nytt bord!

Men eg prøver å gjere det beste ut av det no. Og nett no ser stova mi ut som på bilda. Heilt ok, men ikkje perfekt. Men vi får ta ein ting av gangen.

Vi nærmar oss veldig ei ferdig teikning av huset vårt. No skal vi prøve å få litt innspel frå andre som har bygd hus, om kva endingar vi bør gjere. Så blir det litt teknisk teikning, og så runde med søknadar osv, noko som eg veit tek tid. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje foreves...

tirsdag 3. august 2010

Give Away

No er det lenge sidan eg har hatt nokon give away, eller konkurranse her på bloggen min. Men no er det på tide! Fyrste premien er denne stoffposen med "My Things" på, og krukka frå Miljøgården. Andre premien er to rosa håndkle frå Marimekko!

Reglane er enkle:
1 lodd for å kommentere under her, og skriv kva du vil ha oppi stoffposen om du vinn!
2 lodd viss du kommenterer og legg deg til som følgar ( eller allerede er følgar)
3 lodd viss du kommenterer, blir følgar og linkar på bloggen din.

Men alle kan alltså delta!


Trekning vert 1. september 2010

mandag 2. august 2010

Nye sko

Eg har kjøpt meg nye sko!!!

Eg har to anledningar for dei no, fyrst bryllaup om to veker, så klubbtur til Barcelona!! I kveld startar øvinga på å gå med dei!

(Ka synst du, Hilde? Eg og Reidunn digge dei iallefall!)

Konkurranse tips


Eg vil tipse dåke om ein super konkurranse hos nettbutikken AnnaJohanna i dag. Du skal trykke "liker" på 3 av produkta i butikken, og vinn du, kan du velge premie sjølv!!!!!!!!!!!!! Kan det bli betre då??

Trykk her for å komme til konkurransen.

søndag 1. august 2010

Blåbæridyll

I dag har vi vore på blåbærtur. Og til og med med våre to små, var det faktisk ein idyll. Vi plukka og dilla, og fekk tilsaman 1,2 kg, og det sjølv utan bærplukkaren....for den låg igjen heima...

Tullemor plukka og plukka, åt og åt. Mens junior han meinte sjølv at jobben hans var å speida etter blåbærtuene!!! Trur ikkje han plukka nokon i spannet, men magen var ganske full!

Litt skal eg frysa, og spara til smoothie seinare i vinter, og litt har vi hatt på pannekakene i dag. nam nam.

lørdag 31. juli 2010

Kvelden i kveld

I dag har vi vore i Bergen!! Mammo mi spanderte turen, og vi har kosa oss masse. Mannen kjøpte blåskjell på Kjøttbasaren, i lag med litt reker.

Så til kvelds diska han og junior opp mat til meg. Dei dekka på og serverte. Kan eg få det betre?

Junior fekk vere oppe så lenge han ville. Noko som resulterte i at han kl 22 var stuptrøytt og bad om å få legga seg.
Eg fekk 30 min i Bergen, og stakk innom Kid av alle ting!! Der klarte eg å raska med meg 8 puter (!). der var tilbud, få 4 for 100 kr. Ja, då sku du sett ei som var kjapp med puter, du! Eg tok 4 slike stripete med sterkast fargar. Dei to andre har eg kjøpt på Stemning. Synst dei såg veldig kule ut, men er litt usikker på om dei passar her hos meg. Kanskje dei hadde vore finare ute i hagegruppa mi?? Eg slite litt med innredninga i stova her, kan du sei....men har ein plan om at mannen skal hjelpa meg litt med å henga opp bilder etc i morgon, så får vi sjå.

Dei to putene med lilla "blad", kjøpte eg og. Dei har fått plass i loftstova.

Eg trur jammen meg at Evelyn sa ho ville ha skålene mine, så då skal dei overleverast snarleg.

Eg set stor pris på at DU kommenterer om kva du synst om bloggen min! Ha ein fin kveld vidare.

fredag 30. juli 2010

Ein epoke er over...

I dag har vi overlevert nøklane til dei nye eigarane av huset vårt... Litt vemodig er det sjølvsagt. Men sidan det er mannen som har gjort det meste av opp-pussing og bygging der, er eg glad for at det var han som ynskte å selge. 

Han fortalte sjølv at han hadde hatt ein liten runde der i går, då han gjorde siste finpuss. Men han hadde fokusert på dei gode minnene vi har hatt der nede. 

Og då eg gjekk gjennom huset idag, ser eg at det er eit fint hus å gje frå seg. Og godt er det. Eg klypte med meg litt roser frå bedet i dag, som eit "siste minne".


Ute regnar det mykje i dag. Så det var vel det vi skulle få av sommar i år. Vi hadde planlagt ein tur til Bergen i morgon, med Akvariet og Fløyen, men slo det frå oss. Litt på grunn av ekstra utgifter denne månaden. Men det synst bestemor var for dumt, så ho tilbydde seg å spandere heile turen på oss. Det set vi umåteleg pris på. Så i morgon blir det tur med båten til Bergen, og kosa oss. Og det ser ut som "vestlandsbunaden" må på!