fredag 30. juli 2010

Ein epoke er over...

I dag har vi overlevert nøklane til dei nye eigarane av huset vårt... Litt vemodig er det sjølvsagt. Men sidan det er mannen som har gjort det meste av opp-pussing og bygging der, er eg glad for at det var han som ynskte å selge. 

Han fortalte sjølv at han hadde hatt ein liten runde der i går, då han gjorde siste finpuss. Men han hadde fokusert på dei gode minnene vi har hatt der nede. 

Og då eg gjekk gjennom huset idag, ser eg at det er eit fint hus å gje frå seg. Og godt er det. Eg klypte med meg litt roser frå bedet i dag, som eit "siste minne".


Ute regnar det mykje i dag. Så det var vel det vi skulle få av sommar i år. Vi hadde planlagt ein tur til Bergen i morgon, med Akvariet og Fløyen, men slo det frå oss. Litt på grunn av ekstra utgifter denne månaden. Men det synst bestemor var for dumt, så ho tilbydde seg å spandere heile turen på oss. Det set vi umåteleg pris på. Så i morgon blir det tur med båten til Bergen, og kosa oss. Og det ser ut som "vestlandsbunaden" må på!

1 kommentar: