fredag 16. januar 2015

Tulipanens dag

Der er ein dag for alt,
og for tulipaner.



Det nye året har komme godt i gang,
mannen er heime,
og kvardagen er den eg likar best.

Etter at jula vart rydda vekk, var eg klar 
for nytt år.
Litt fargar må inn i huset,
og eg likar å fylle huset med friske blomar.
Har som regel alltid blomar i vasane.
For vasar har eg mange av....
det og...


I 2014 var det gull og kobber overalt,
du var liksom ikkje heilt "uptodate" viss ikkje 
du hadde det i huset.
Eg har aldri vore noko gull-jente,
og valgte å ikkje ta det inn i mitt interiør. 
Eg er svært nøgd med å ha det som eg har det,
og sølv/stål/nikkel passar best hos meg.

No glede eg meg som ei lita jente til
favoritten Kahler kjem med sine vasar med sølvstriper.
Det er jo som om dei er laga for meg.



Ellers er det lite nytt i huset.
Ikkje har eg ommøblert,
ikkje kjøpt så mykje nye møblar.
Men er det noko eg er flink til,
så er det jo å flytte rundt på det eg har.


Egentlig er det jo sånn som dette eg likar å ha det,
er jo veldig fornøyd med det eg har.

I tillegg har eg verdens beste mann,
som i tillegg til å ha fotokurs,
er heime på dagtid (nordsjøarbeidar)
og kan ta bilder for bloggaren,
i dagslys.
Han er bare verdens beste.

Så no er det pusta liv i bloggen igjen,
og håpar du vil følge med meg vidare.


God fredag til alle.

Eg må springe,
for eg skal på kino med jentene!!

1 kommentar: