lørdag 5. april 2014

Gamalt skap i moderne hus


Bestefaren min var ein veldig nevenyttig og kreativ mann.
Han var utdanna gartnar, og bygde opp sitt eige gartneri saman med besto mi.
Teikning var ei hobby han mestra svært godt.
Han har blandt anna teikna og bygd opp huset dei budde i, 
som bror min no skal restaurere.

I tillegg har han laga dette flotte skåpet og mange andre flotte møblar.

Eg er heldig å
få ha dette i huset mitt!


Nede i gangen har det fått hedersplassen.

Eg likar fargen på det,
som ein kontrast til resten av møblane.




Det er jammen ikkje ofte eg bloggar om romma nedanfor trappa,
så dette eit sjeldant øyeblikk der alt rot er rydda for ein gang skuld.

...det er så lett å bare legge frå seg noko oppå sånne skap....


Detaljar


Mange ville nok ha malt skåpet, 
og eg har sett mange flotte resultat av dei som har malt.

Eg skal ikkje male det,
det ville vere feil når det 
gjeld dette skapet.

Elskar lyset for tida, det er så klart og fint.

....sjølv om regnet er på veg nett no....

Ha ein strålande laurdag alle saman,
eg skal på festlighetar i heile dag,
så med bobler i blodet og høge hælar på,

ønsker eg dykk alle ein fin fin laurdag1


3 kommentarer:

  1. Heilt nydeleg da skapet der :) Ha ein strålande dag i regnet Solveig :)
    mvh Solfrid

    SvarSlett
  2. Kjempefint skap Solveig, og er er veldig enig med deg å la være å male det. Kjekt å kunne ha noe arvegodsi sin opprinnelige tilstand.
    Har selv en gammel kiste fra 1800- tallet med rosemaling og greier som sikkert hadde vært flott med ny maling men får meg ikkje til å gjøre det.
    Skal bli kjekt med festivitas i Dalheim u kveld, det gleder eg meg til.
    Vi snakkes, klem Hildemor😊

    SvarSlett
  3. Kjempefin skap! Lekker, må komme på kaffi snart. Nå overtar eg huset igjen også!! Hipp hurra!!!! Meire Rosendal!! Klem og goood påske!!

    SvarSlett