onsdag 31. juli 2013

Ferien 2013


Ferien er no offesielt over, og eg er godt i gang i jobb igjen.
3 veker går veldig fort.

I år hadde vi fyrst ei veke heime,
så to veker på Rhodos, nærare bestemt Sunwing Resort Kallithea.

Biletet øverst viser soloppgangen ein morgon eg og junior, 
som desverre vart sjuk på turen,
sat på altanen frå kl 6 og utover.

Nydeleg

Var faktisk kjekt å sitje å sjå på at hotellet vakna,
og sola stå opp.


Det var fullmåne då vi var der, og det var fantastisk å sjå
måneskinnet bre seg over området.

Heldige med å ha havutsikt.


Hotellet hadde nokre tøffe design-detaljar.
Dette røffe bordet var eit av dei,
og behagelege sofaer å chille i.


Eine dagen, den dagen gradestokken bikka 40 grader,
hadde vi ein utflukt til Kallithea Spring.
Ein nydeleg plass,
men det vart for varmt for familien denne dagen.
Vi var der nokre timar, før vi reiste tilbake til litt skugge og aircondition.


Heile reisefølget prøvde fish-spa.
Eg synst det var heilt ok.
Skulle nok ha sete litt lenger for å få full effekt.


Sjekk det kule reisefølget mitt!!
Ein super gjeng.



Heldige meg fekk klem av Bernie!!

Ein super tur er over.
Brunfargen er nesten vekke allerede,
for her er det nesten haust no.
Men eg nektar å gje heilt slepp,
og skal ikkje ta på langbuksa før eg MÅ.

No skal eg nyte fridagar innimellom,
ta ein dag av gangen,
og leve litt i nuet...

Og eg skal blogge!!

Gler meg til å kikke innom alle dåke andre og.

1 kommentar:

  1. Å DETTE SÅG HERLIGT UT
    JA 3 VEKER GÅR FORT
    HERLIGE BILDER
    NYT DAGENE
    KLEM ELI:)

    SvarSlett