søndag 16. juni 2013

Uteliv


For eit herleg vær det har vore i dag.
Stort sett sol, og varmt.

Eg knipsa nokre bilder av uteplassen vår i sola.

Over er det bilde av ei rosa morsdagsrose,
perfekt farge.



Denne friperioden til mannen har vi malt heile huset og garasjen.
Deilig å vere ferdig med det.

Mannen har og laga rekkverk, le-vegg,
gjort ferdig trapp og terasse.

Flinkaste!


Etter at bilda vart tekne, har han saga av endane og fullført rundt heile.

Eg er så fornøyd.

Prikken over i-en med dei rosa pottene.


Snart har vi 4 års bryllaupsdag.
"Blomster/ lin bryllup"

Mannen har ønska seg eit prydkirsebær-tre i hagen.
Eg har kjøpt eit til han i bryllupsdagspresang.

Det er planta allerede, midt på plenen.


Hagen byrjar å ta form,
sjølv om plenen....


....ja, plenen snakkar vi ikkje om.

No er friperioden over og mannen reiser på jobb att til veka.

Så får vi sjå om eg klarar å utføre noko medan han er vekke.

Snart er det ferie, og då hadde det vore kjekt å vore "ferdige" med nokre prosjekt iallefall.

4 kommentarer:

  1. åj, her har det skjedd mykje! Må komma opp ein kveld når eg kjeme heim,så må vi testa ispåsen og studera levegg ;)
    Reidunn

    SvarSlett
  2. Her har vi også hatt en herlig søndag:) deiligt å kunne nyte dagene ute...

    Nyt resten av søndagkvelden:)
    Klem Siv Mette

    SvarSlett
  3. HER GÅR DET UNNA
    SÅ FLINKE DERE ER
    FIN UKE TIL DEG SØTE SOLVEIG
    KLEM ELI:)

    SvarSlett
  4. Så fint dåke har fått det, kjekt med en flink handyman og du sjølv som har så godt øye for detaljer; )

    SvarSlett