søndag 28. april 2013

Fri som fuglen


Tenk å vore fri som fuglen....

Innimellom er det godt, det og,
men som alle veit,
så likar eg kvardagar best!

I helga var eg i Sandnes/Ålgård i konfirmasjon.
Flott dag saman med flotte vener.
Mykje latter, god mat og to netter på hotell med beste kjærasten!

Litt shopping vart det,
og heldigvis hadde eg Googla Søstrene Grene, sånn at eg visste kvar eg skulle gå!


Vi har mange kvite flater i huset vårt.
Eg har fått nokre bilder opp på veggane,
men har ikkje heilt planen i korleis eg vil ha det.
Wallstickers likar eg godt,
då det ikkje er der " for alltid", om du skjønar.


Her har du meg i aksjon, då eg skulle feste desse opp på veggen...
Her er jo så høgt overalt... eg ler...
Godt eg har høgda med meg då iallefall ;-)


Her er den eine wallstickersen eg kjøpte hos Søstrene Grene,
OG DEN KOSTA BARE 24 KRONER....

To tiarar og 4 kronestykker,
som Evelyn ville ha sagt.

Er det mulig?

Har sett etter sånne på nettet,
og har ikkje funne dei til under 200 kr enda!

Før no!

Eg stod med dei i handa og trudde ikkje mine eigne auger.
Kjøpte 3 forskjellige.

Grubler fælt på kor eg skal ha dei andre!


Synst dette vart veldig bra,
om eg ska sei da sjølv!!


Er noko med det, når ein får "bryta" litt med alt det kvite.

Eg er iallefall VELDI fornøyd med fangsten min.

Og veit du,
detta var ikkje alt!!

På Søstrene Grene har dei så vanvittig mykje kjekt, og så billigt!!
Så eg fylte opp posten når eg fyrst var der!

Detta innlegget er på ingen måte sponsa.....

5 kommentarer:

  1. Stilige stickers, og knallbillige, så det var et godt kjøp.
    Men, du godaste Solveig. HMS, hørt om det?? Du sku hatt i revo, for å balansere på to stoler på den måten gjør meg vondt i HMS sjelen....
    Kniiis.
    Ha en super kveld ;-)

    SvarSlett
  2. Knallfint det blei,eg elsker wallstickerser og nå som me skal selge,får dei ikkje med meg,jaja til slike priser så går det fint å få fatt i nye:)
    Blei litt nervøs for at du skulle dette ned når eg såg bilde,Hihi:)

    Ønske deg ei fin ny veke!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Vært på mine kanter du ja ;)
    Deilig med hotell-overnatting...
    Vi var også i konfirmasjon i går :)
    Fin wallsticker som ble med hjem.
    Trodde jeg følgte bloggen din allerede jeg, men nå har jeg uansett lagt meg til ;)
    Ha en fin, ny uke.
    Klem May Helen

    SvarSlett
  4. Søstrene Grene er den beste butikken ever. Eneste som kan være litt "dumt" er jo at for å IKKE gå glipp av noe må man gå dit ofte. Og siden de bytter ut varer ofte og har mye nyheter og det er vanskelig å gå ut uten noe så. Ja.... :)

    SvarSlett
  5. Eg elske SG!
    Kjem aldri ut derifrå tomhendt nei..knis.. ;)

    SvarSlett