lørdag 22. desember 2012

Lag din eigen juledekorasjon!


På eit ferdigdekka julebord, er det flott med ein dekorasjon.
Den kan du enkelt lage sjølv.


Du finn fram ei skål, eit fat etc. gjerne  med litt størrelse på.
Så tek du ein passeleg stor oasis bit.
(Oasis kjøper du på den lokale blomabutikken)
Du kan gjerne feste oasisen, men dette er ikkje naudsynt.
(Eg hugsar ikkje no kva den vi fester oasien med heitter, 
men den ser ut som ein krakk opp ned, og vert festa med kit! Hjelp meg, Cecilie!!)


Så fyller du oasisen med masse grønt.
Eg har brukt gran, litt furu og eføy-blad.
Mykje av dette har du kanskje i hagen!

Dekk omtrent all oasisen.


Du kan eventuelt putte i kongler, julekuler,
'soppar etc for å fylle i litt.



Til slutt er det bare å fylle i med blomar eller anna du vil ha i.
Kjekt å bruke litt haldbare blomar.
Cymbidium er ein orkide som er fin å bruke i dekorasjonar.
Dei er store, dekorative og ikkje minst haldbare.


Eg brukte greinnellik i mine, saman med kongler, cymbidium og masse grønt.

Dette innlegget er ikkje sponsa, og det er ikkje laga av ein blomadekoratør,
men av ei som likar det godt og går i god skule hos Cecilie.

Håpar du kan får litt inspirasjon til å lage din eigen dekorasjon til julebordet!


Sånn vart min til slutt, med roser og eucalyptus i.

Håpar de alle har fine dagar no før jul.
Eg har jobba lange dagar, hjulpe mange fornøyde kundar,
solgt mange flotte gåver og ikkje minst; jobba saman med flotte kollegar.
Eg har det godt.
To dagar att på jobb,
så er det ferie på oss og!





2 kommentarer:

  1. Flink du e! God jul der borte :) me e Heima i romjulo ;)

    SvarSlett
  2. Oi oi, den blei kjempe fin Doldol:)

    Komme innom deg på butikken imåro. Hadde som mål å bli heilt ferdig idag, men ser ut som om eg må på skåla imåro og...hi hi..

    Klems Evy:)

    SvarSlett