mandag 22. oktober 2012

DIY - bruk naturen


I vår kom eg over ei bjørk som det hadde løsna ein del never frå.
Eg reiv det av, og fekk med meg eit stort stykke og i
 sommar har det lege i garasjen og tørka.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke det til.



Eg har gjort det så enkelt som at eg tok det rundt eit 
syltetøy glas etc, surra grov hyssing rundt for å feste det på.
Oppi putta eg nokre kongler eg tok med meg frå huset Diana bur i no.


Synst da blei bra, eg!
Omtrent gratis pynt.



Ved sida av ligg ei mosegrodd grein eg fann på tur til høgåsen.
Dryssar litt av desse "naturlege" tinga eg dreg i hus, men men


I går trente eg og gjorde husarbeid.
I dag skal eg strikka ferdig sokkane til Wilma,
for ho er vel på vei no??

ha ein fin fin måndag.
Eg har ein date med Asbjørn Brekke seinare.

2 kommentarer:

  1. Da va stilig, kult med kontrast til dei slette veggane dine ;)

    SvarSlett
  2. Så fint! Kjekt med noko nytt, annerledes og ikkje minst heimalaga!
    Fin blogg!

    Gina

    SvarSlett