tirsdag 6. desember 2011

6. desember


I dag skulle eg hatt eit innlegg med ein strålande nøgd 7 åring, som har fått nytt skateboard og skatehjelm. Og han er svært nøgd med gåvene, det er berre det at han er sjuk. Han har feber, er svimmel, kvalm og har nok fått brannkoppar. Ja, ja, sånn er det. 

Eg er heime frå jobb i dag, og har nytta dagen til å bake litt julekaker. 


Men eg må og skrive noko om boka "Julero" med CD av Helene Bøksle og bileter av Bjørg Thoraldsdottir. Eg er så heldig at eg har fått "oppleve" begge desse damene, kvar for seg. Fredag var eg på konsert i kyrkja med Helene Bøksle, ein fantastisk konsert. Og tidlegare har eg vore på utstilling med Bjørg Thoraldsdottir, der ho sjølv var og opna den og fortalte historien sin. Utruleg skjønne damer begge to.

No skal eg lage pizza som bursdagsbarnet har bestilt, og hente heim tullemor frå barnehagen!

2 kommentarer:

  1. Så kjekt med kommentar! Trodde alle var fordufta for lengst jeg...

    Konserten var fantastisk. Er boka bra? Var det den hun leste fra?

    Utrolig sprekt å ha innlegg kvar dag! Det var den pausen ja...!

    SvarSlett

  2. Enig med deg;
    Fantastiske dame begge to

    Du og ♥

    SvarSlett