fredag 12. august 2011

Knivblokk


Sidan vi har bestemt oss for ikkje å skru ei einaste skrua i veggen, kunne vi heller ikkje skru opp magnetlista for knivane våre. Og sidan eg er godt opplært av kokke-kusine, veit eg at eg ikkje skal la dei ligge i skuffa.


Eg måtte difor innom favoritt-tilbods-damo på Husnes i dag og benytta meg av tilbudet på Eva Solo Knivblokk.




Eg har egentleg fått meir sansen for dette merket no, etter fleire skuffelsar på Rosendahl skåler og glas. Synd for meg at eg gav vekk karaffelen min då... men ho blei gla ho som fekk den iallefall.

I kveld har vi ete thaimat igjen. No er eg stapp mett og ganske trøytt!

God natt!

1 kommentar:

  1. Hmmm...Ha vert litt mållaus ei stund....SÅ kjekt å høyra..!!! Men "premien" du fekk på båten var velfortjent søte deg...!!! -tusentakk-

    SvarSlett