tirsdag 26. juli 2011

På hotellferie i barndommens rike


Vi er på flyttefot. Og mellom hus A og hus B, har vi no sjekka inn på hotell C. For dei som ikkje tok den...så bur vi no hos mine foreldre. Det er som eit hotell. Bestemor passar unger, leverer i barnehage, lagar middag og vaskar kle. I tillegg kjem vi nesten til ny-oppredde senger. Vi er heldige. Det er nesten som når Jason er på ferie. 


Ei fantastisk bok frå barndommens rike. Den er på nynorsk, noko som gjer at eg likar den ekstra godt. Eg øveset stort sett alt eg les til ungane til nynorsk eller dialekt.



I bokhylla står omtrent alle bøkene av Anne-Cath. Vestly. Dei gjer gode minner. Eg gler meg til eg kan lese desse for mine to.


På dette hotellet prøver vi å gjere andre ting enn å sjå på tv. Her er mykje spel, og dette er berre ein liten bunke. Bestemor har vore flink å handle inn spel, og vi har spela mykje opp gjennom. Desse spela skal vi ta fram om eit år og to.

I dag har vi delteke på rosemarkering her i Rosendal. Ei markering til ettertanke og samhald. Vi haldt hender og viste vår medkjensle for dei som døydde den 22.07.2011.


1 kommentar:

  1. Det er fint å bu på hotell Barndomens rike innimellom. Me haldt til der i 4 mnd ifjor, og det hadde sine heilt klare fordelar! Samtidig var det jo godt å komme i eige hus att òg ;) Eg overset også alt eg les for jentene mine til nynorsk/dialekt. problemet kjem vel når dei for alvor skal lese bøker sjølv, og det er nesten berre bokmålsbøker å velje i...

    SvarSlett