torsdag 19. mai 2011

Litt nedfor egentlig


Peoner er den vakraste blomen eg veit om. Eg hadde dei til pynt i bryllaupet mitt og. Vakkert.


Som i overskrifta, er eg egentlig litt nedfor no. 

For det fyrste har eg fått "kjink" i ryggen. Er difor heime frå jobb. Vondt å sitta, vondt å stå og vondt og ligga. Skal ut og gå litt snart, for å sjå om da hjelp.


Men mest tenker eg på at eg skal i gravferd i morgon. Til ei flott ung dama, som døde så alt for brått. Tankane mine går til familien, sambuar og 3 små born som må ta eit "siste farvel" med si kjære mamma og sambuar. Sånn skal det i teorien ikkje vere, men desverre har fleire opplevd liknande siste tida. 

Ta vare på alle rundt deg, ikkje heng deg opp i bagatellar, lev i dag, for vi veit ikkje kva morgondagen bringer.

Eg er ein ekspert på å henge meg opp i ting som ikkje er viktige. Eg og mannen hadde ein lang prat om dette "hin dagen", og det kjente eg var godt. Små utfordringar er bagatellar, hinder løyser seg som regel, og det ordnar seg. 

Det er dei små tinga som betyr noko her i livet.

Ein stor klem til alle i dag.

3 kommentarer:

  1. Stor og god klem til deg og Solveig.

    Den nyheten var ekstra tung å få på søndag, og du har så rett så rett. Det er de små tingene som betyr noe og det er det viktig å huske på.

    Heldig du som har en å dele tankene med, som forstår deg og drar i samme retning. Det betyr så masse.

    Som en dame på 96 sa en gang:

    "Vi bekymra oss heile livet, men dei fleste bekymringar blir da ingenting av".

    Tenker masse på familien som er igjen jeg og....

    SvarSlett
  2. Og ein stor klem til deg og Solveig :)

    "Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
    det blir mørkt og me treng ei hand.
    La dei ljose og venlege tankar
    fylgje oss inn i draumars land."

    "Lat varmen frå ein som er glad i deg
    tenne stjerner i myrkaste natt.
    Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
    det blir mørkt og me treng ei hand."

    "Varme tankar og hender som trøystar,
    er som sol over frosen jord.
    Kjenne varmen frå ein som er nær deg,
    gjev langt meir enn store ord."

    SvarSlett
  3. Oj, Kristin, det var veldig fint! Takk!

    SvarSlett